Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Å ta ljøs

Eld blir ofte kalla ljøs i gauldalsbygdene.

Ljøset æ våleg, er eit gammalt ordlag. Det er det same som: ”Elden er farleg.”

Før fyrstikkone kom var det eldjarnet, flinten og Enøsken dei berga seg med. Men dette var eit tidkrevjande arbeid. Hadde dei først eld i åren verna dei om han, grov ned i oska om kvelden slikt at livet i gloa heldt seg.

Gjekk elden ut var det lettare å ta eld hjå gratinen enn «å slå eld» som dej sa.

På kvar bustad hadde dei ei panne med skaft og lokk til dette bruk. Eldtrommelt eller også glotrommelt vart panna kalla i Gauldalsbygdene.

Han eller ho som henta ljøs (eld) hadde lite tid. Det gjekk oftast i sprang. Ein måtte koma heim til åren før gloa slokna.

Av dette har det halde seg ymse ordlag, og dei er bruka den dag i dag. Om ein person som har lita tid blir det sagt:

Han (ho) for og og to ljøs. (fær og tæ ljøs)

–    ”Ska du fårrå å tå ljøs i dag da?”

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *