Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Aage Nesjan – ein altmulegmann

Ein altmulegmann.

Det fanst altmulegmenn millom handverkarane — ja, slike som han Aage Nesjan. (Åk Nesjåm hadde dei vel sagt litt lenger atti tida.) Om han har sonesonen Åsmund fortalt:

Han farfar var etter si tid ein godt opplyst mann. Han hadde t.d. to store band av «Almuevennen», og dei hadde han bunde inn sjøl. Han var vide kjend som ein nevenyttig mann, på fleire gardar skal det finnast skatoll og annan husbunad som vitnar om det. Attåt han var husmann var han smed, urmakar, skreddar — ja, det fanst vel ikkje den ting han ikkje kunne gjera. Eg hugsar det vart fortalt om to bondekoner som hadde bomma ein vev på 120m og hadde kasta bort skilet på han. Dei var heilt opprådde. Ja, så måtte dei få tak i gamle Aage Nesjan. Og han greidde med veven. I slutten av 1 800-talet bygde han ei trøskmaskin og kopla den til overfallshjulet på saga. Såleis trøska vi med vasskraft i Nesjåm føre år 1900.

Han var spelmann og, han Aage, på fela. Han spela ofte i bryllaup. Og spelemannsyrket gjekk i arv til sonen Henrik.

Plassen hans var ikkje liten, i 1875 hadde han 1 hest, 2 kyr, 1 ungnaut, 8 sauer, 1 gris. Henrik hadde plassen etter han, men da han døydde, vart plassen dregen inn i garden og nedlagt. For den som har sett Nesjan i Aage og Henrik si tid, er det ikkje artigt å sjå Nesjan no. Er det ikkje ein provins tapt for mor Noreg? Provins? — Ja, vi hugsar da songen til Henrik Wergeland om Nils Justesen, jorddyr-karen på Hitra som skapte nye provinsar for Noreg til vederlag for dei vi miste i dansketida: «en myr til et Hetland (Shetland) han gjør med sved» — «et Island og Færø fra hav han skar, et Bohus fra fjell han tar. Slikt gull som hans hustru spinner, knapt Olaf i Dublin bar —» — «i Svartmyr erobres den gamle glans, på heden en landekrans. Og Norriges skattelande, de ligger her innenlands».

Det var vel slik han tenkte og gjorde nybrottsmannen i Nesjan og. Men så er provinsen borte. Saman med tusen andre slike små provinsar som vi ikkje har råd eller vilje til å ta vare på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *