Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Aardals kyrkja

Aardals kyrkja var fyrst sett paa Lunden, nokre steinkast lenger sud en ho no stend. Men usynlege magter tok og førde ho dit som ho sidan hev stade.

Dei heldt bispemessa i Aardals-kyrkjo. Læraren spurde borni kven som hadde Himmelrikets lyklar. Ei gjenta saag paa eit bilæte paa lofts-spegelen og svara: Apostelen Peter. «Men kven var det som var tri dagar i buken aat ein fisk?» spurde læraren. Gjenta saag atter paa bileti etter ein mann som stod paa ein fisk, og so svara ho: profeten Jonas. Daa fekk læraren ros av bispen, og gjenta av læraren. Dette gjorde so mykje at alle folk tok til aa sjaa paa dei gamle bilæti i kyrkje-rotet mykje meir en dei elles vilde ha gjort.

Koren skal vera bygd etter det andre. Kyrkjo var for liti og trong paabyggjing. So var det tvo syster som budde ein stad i Aardals-bøen som kosta upp koren.

Kyrkjeklokkorne hev vore namngjetne av di dei hev so god ein klang. Ein gong tok dei deim ut og vilde køyra deim til Hjelmeland, til hovud-kyrkjo. Dei var komne so langt som til kvilesteinen paa Moen; daa vart det reint umogelegt aa faa øykjerne lenger. Korleis dei bar seg, so kunde dei ikkje faa deim av tverre staden. Daa visste dei ikkje onnor raad en aa snu, og daa gjekk øykjerne som det ingen ting var i vegen. Soleis kom klokkorne attende til den gamle staden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *