Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Aldalsbryne

Gode bryne til å slipe ljå og bitjarn med, har vore ein viktig ting i alle tider. Her i Volda hadde dei eit brynetak i Aldalen i Ullalandsdalen. Det er fortalt at folk leitte seg bryne etter som det passa, og dei vart gjerne brukt som presangar og bryllaupsgåver. Strøm nemner dette i S.B.:

«I den såkaldte Ullelands Dal — der består Biergene næsten af puur Sandsten som er meget tienlig til Slibestene, Sænder og Bryne, med hvilke Egnens Beboere driver en fordelagtig Handel både i og udenfor Sognet.»

I 1818 hadde nokre menn frå Hjørundfjord vore i Aldalen og stole brynestein, dels hadde dei brote ut frå hammaren og dels hadde dei funne i jorda nedgravne ferdige bryne, i alt 30-40 voger. (720 kg.) Dei hadde selt bryna ved Hjørundfjord kyrkje preikesundag 2. august. Oppsetjarane kring Aldalen klaga saka inn for forliksrådet og kravde i skadegjeld 150 rdl. Dei vart ikkje samde, og saka vart vist til retten. Seinare vart dei samde om sju spdl.

Denne brynesteinen er olivenstein og er kalla sendegrøtstein, etter di dei gamle kvatsteinane vart kalla «Sende». På Bjørkedalen vart og teke slipesteinar av olivenstein. Etter som Jakobsboka fortel, laga Per Jakobsen Bjørkedal seg slipestein av ei helle raudgrøte. Han hogde henne rund med hol for slipesteinås so dei kunne drage ho rundt når dei slipte ljå og bitjarn. Før drog dei ljåen att og fram med hendene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *