Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Alversund Musikklag, Alversund

Alversund_Musikklag
Fotograf ukjent.
Sittende fra venstre: Fredrik F. Fosse, Ivar Medås, Magnus J. Fosse, Haakon Kvamme, Kristian Alver, Odd Sognes, Birger Kvamme, Monrad Hatlem, Asgeir Kvamme, Birger Lilleskare, Sverre I. Fosse, Magne Fosse, Lars Hjønrevik, Askild Alver, Trygve Fosse, Haakon Hvidsten, Fritz Fosse, Alf Litleskare, Alf Kvamme, Fredrik P. Fosse, Sigmund Kalhovde, Jens Kalhovde, Haakon Fosse, Olai Fosse, Oddmund Sellevold.

Alversund Musikklag vart skipa våren 1901, av Johan Litleskare og 7 andre ungdomar. Men alt seinare same året var talet på lagslemer kome opp i 15. Det var Johan Litle-skare som var drivkrafta i laget, og han stod som formann og leiar i dei fyrste omlag 20 åra.

Ein stad å halda til med øvingane var ikkje lett å finna, då det i den tida ikkje var noko forsamlingshus i bygda. Men i fyrstninga fekk dei halda til i eine stova til Jakob A. Fosse, og seinare heldt laget til i fleire private hus til i 1911 då laget flytta inn i det nybygde ungdomshuset. Seinare har alle øvingar vorte haldne der.

Den fyrste dirigenten laget hadde var Noreide, frå Brigademusikken i Bergen. Seinare har divisjons-musikarane Kjelland Jakobsen, Buntz og Berge vore nytta.

Av laget sine eigne medlemer har desse vore dirigentar: Harald Daae, Sigurd O. Alver, Ludvig B. Alver, og den noverande dirigenten Haakon Kvamme, som har vore dirigent sidan 1941.

Laget har heilt frå starten av stort sett hatt jamn framgang. Det har vore tider då arbeidet har vorte sett noko attende, men laget har alltid greidd å koma fort over desse bølgedalane, og ein kan difor trygt seia at det no er betre enn nokon gong før.

Laget har alltid sytt for å ha gode instrument til medlemene, og så godt som alle instrumenta som no er i bruk, er nye etter krigen.

Alversund Musikklag har vore mykje nytta til å spela på tilskipingar og stemnor. Ein kan soleis nemna at, sidan laget vart skipa, har det spela på 11 stemnor etter ein annan, til Hordaland Ungdomslag, som laget var med å skipa i 1925.

Laget spela og på Håkonarstemna på Håkonshaugen i Seim i 1919. Elles har laget gjeve konsertar mest kvart år i Alversund og grannebygdene.

Alversund Musikklag har no 26 aktive medlemer, der Alf Kvamme er formann. Dei andre i styret er Fredrik P. Fosse, Askild Alver og Magnus J. Fosse.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *