Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Amtmann Koren

Amtmann Koren budde i Eikersund. Han kom etter amtmann Scheel som folk hadde so mykje aa klaga paa. Daa Koren var komen, var det ein mann or Gand-bygdi, heitte Tore Kydlest, som kom inn paa kantoret og gav seg til aa radla med den nye amtmannen.

«Var det noko du vilde meg?» spurde amtmannen daa det leid paa ei stund.

Aa nei, han kunde ikkje segja det, sa mannen, han hadde berre hug til aa sjaa den nye amtmannen, sa han.

Ja, ja, han fekk so gjera daa, lét amtmannen.

«Kva heiter du?» spurde mannen.

«Koren,» sa amtmannen.

«Aa Gud skje lov!» sa mannen.

«Kvi segjer du det?» spurde amtmannen.

«Jau eg er so glad me hev fenge kodn, no me hev havt skjele so mange aar,» sa mannen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.