Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Amund Viksmoen

Amund Viksmoen var ihop med’n Kalvkjipp-Erik fraa Kvikne. Etter eit slag vart han so sliten han Amund, so han slepte seg ned i eit holtre og vilde faa sova, for han hadde korkje ete hell save paa lang tid. Daa kom han Erik etter.

«No er det itte tid aa saavaa gut, for no er svensken her att!» So var det til att paa nytt. Ut paa eftanen skaut han Erik ein svenske. Daa var han so han spratt.

«Je er baade luset og fillet; men her skal bli in a’n kar!» sa han. Elles vyrde han ikkje lusa so hardt han som’n Amund. «Je var saa luset og kjed og elendig, saa je hadde vore like glad om det hadde komme e kule og gjort ende paa alt samma,» sa’n.

Dei var med ein gong dei vart innringa taa svenskane, so dei laut setja inn i eit sumarsfjøs. Men der heldt dei svenskane undan seg, og plukka burt ein etter ein taa deim, so dei ikkje torde storma fjøset. Paa den maaten heldt dei ut til det kom hjelp. Dei hadde med seg ein fraa Sømaadalen, Knut Kaasa, den gongen. Denne same Knut’n vart so leid krigen taa det han stakk i hel ein svenske, so han rømde heimatt og heldt seg gøymd mest heile aaret i ein kjellar, og han vart aldri lik seg meir.

Aa ja, det hende mangt rart. Ved Onstadsundet skavt dei ein mann dei ikkje visste kva han var for noko.

Svenskane laag paa sudsida, og nordmennene laag paa nordsida aat elva og heldt vakt. Ein gong kom det ein mann paa ein svar hest ifraa svensk side og vilde fram. Han vart spurd kva mann han var og kva ærend han for i; men det kunde han ikkje segja sa han. Han laut fram, sa han og prøvde sprengja seg framum valda. Daa vart han skoten. Men kva det var for ein mann visste ingen.

Han Amund hadde ikkje mykje til avers for offiserane i krigen. Han tykte dei vart reint burte i kampen sa han. «Naar det bar i herdinga fekk vi staakaa med svensken, som vi sjølve vilde,» sa han.

Gjermund Gjermundsen var fraa Grindflekk, ein stor gard. Men han øydde mest alt det han hadde i krigen til aa kjøpa seg det han trengde, so han og mange med han skulde sleppa aa svelta. Daa han kom att, gifte han seg og busette seg i Fellingen. Fripasset hans var lenge til, og der stod det han hadde faatt «sin avsked som en bra soldat».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *