Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Anatomi og alkohol

sogne-stubbar_-_anatomi_066

Frå Bergen har Sogn, som tidligare fortalt, vore velsigna med så mykje. Såleis fortalte ein skolelærar eingong fylgjande:

«Det var ein dag eg skulle bort og henta posten. Dampen hadde nett vore her og ny post kunne difor ventast. Jau, eg hadde tenkt rett. Post var det, både aviser og brev.

Eit av breva kjende eg ikkje handskrifta på, og opna det difor alt medan eg sto på posthuset. Det synte seg å vera eit brev frå fråhaldslaget Begeret i Bergen og hadde såleis innhald:

«Kjære skolemeister.

Da vi her i Bergen har hørt at i Sogn brygges det så metet og sterkt øl, har vi besluttet oss til å sende vår broder Hansen inn der for å holde et opplysende foredrag. Det er jo så skadelig med all den alkoholdrikkingen.

En så vederstyggelig landeplage må derfor snarest mulig utryddes.

Vennligst derfor, kjære skolemeister, ordne med lokale til førstkommende onsdagskveld og gjør møtet kjent.

Med vennlig hilsen
Avholdslaget Begeret.»

Eg slo like godt heile brevet opp på posthuset med påteikning om at det skulle haldast på skolehuset.

Onsdagen kom. Eg hadde fyrt dugeleg i omnen og klokka gjekk mot 7 om kvelden. Ein del av bygdefolket var alt komne og sto rundt omnen, prata og spytta tobakk frå tid til annan så det freste i omnen.

Endeleg tuta dampen og eg gjekk bort på brygga i ruskeveret. Det var berre ein mann som kom på land. Han hadde to rullegardiner under den eine armen og ein liten koffert i den andre. Eg lyfta på hatten og helste:

Om det var Hansen frå Bergen?
«Ja, det var nå det,» sa han. «Er De skolemeisteren? Det var godt, da går vi med engang. Her, vil De ta de to plansjene?» sa han og flytta rullegardinene bort i handa mi. Det var ikkje rullegardiner likevel.

«Elendig vær og elendig båt» freste Hansen på vegen til skolehuset. «Det skal bli godt å komme i varmt hus. Ja, De har vel fått tak i lokale og fyrt godt opp?»

«Jau, det er i oren», svara eg «og no er me der.»

Eg opna døra og let han gå fyrst inn. Skolestova var mest full av folk som spent fylgde Hansen med augo då han sette kursen mot kateteret.

«Skolemeister,» kviskra Hansen, «Vil De henge den plansjen på veggen til høyre for meg og den andre på vcggen til venstre. Slik ja. Takk skal De ha.»

Eg gjekk og sette meg på ein ledig pult. og Hansen byrja:

«Ja, dette med alkoholen er som kjent moget skadelig, og en vederstyggelig ting. Tenk bare på alt det gale som skjer under innflytelse av den. Unge piker kan komme i ulykke, menn kan komme i slagsmål og forøvrig i andre ulykker under innflytelse av alkoholen osv.

Alt ytre kan således skje, men enda verre er det mcd det indre som skjer, og som vi ikke ser. Se f. eks. her,» sa Hansen og vende seg til venstre:

«Se på den plansjen over et menneskelegeme. Ser dere den store mørke tingen som mannen har på brystet?»

Han peikte med ei linjal.

”Vet dere hva det er og hva det kommer av at den er så storog mørk? Jo, det er leveren. Storrelsen kommer av at mannen gjennom hele livet drakk for meget øl. Tenk på det når dere sitter i ølkjelleren her i Sogn og lar staupet med skummende maltøl gå rundt!

Men ikke bare øl er skadelig. Se her.”

Han snudde seg til høgre.

«Ser dere den plansjen her. Den er også av et menneske, men ser dere leveren til denne mannen?»

Hansen peikte på ein mørk, liten ting.

«Ser dere hvor liten og forkrøplet leveren er? Det kommer av at denne mannen drakk for meget brennevin.»

«Men dao,» fortalde skolemeisteren, «klarte eg ikkje halda meg lenger. Eg spratt halvvegs opp frao pulten medan eg ropte: Hansen. Hansen, kvifor drakk ikkje desse toskane øl ved sida av brennevinet!»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *