Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Anders Manuel

Ho mor var i mange år til terne åt han Blind-Mass på Kvæle (Saltdal).

Han Mass hadde so mykje umgang med lappane i den tida; han dreiv handel med dei, og dei hadde sin gang der både tidt og jamt. So ein gong dei hadde havt noko hopenhav, vilde dei ha det so til dei hadde fått for lite betalt. Kor no dette meir var.

Ein dag straks inni jula, stod ho mor burt med gruva og la upp middagsmaten. Då veit ho ikkje av før det legg til å slå henne i foten; det var ein dask so ho la i å ropa. Kva det var ho blei for? vilde dei vita. Ho sa det. Men då det lei um litt, var det som det gav på seg. Ho fekk maten på bordet, og deretter var ho gangande eit ærend i fjøsen. Men der sette det til på rett; so ho laut hjelpast i seng. Og ho vart no liggjande i samfulle 16 vikar i denne pina. Håret rau av hovudet, og ho tenkte aldri ho kom til å bli helsemenneske meir.

Dei forstod det var lappen som var opmann for dette; og han Mass var det som skulde ha denne støyten, men so hadde det gått feil.

No var det ein lappkall på Tveråmoen, han Anders Manuel; han gjekk for å kunna noko av kvart. So var dei reisande dit, og spurde han til råds. Ja, han vart med ned, og lova han skulde gjera det han kunde. Han var no fyrst ei vende uti Garsmobakkann; og dentid han kom baker, bad han dei andre gang or stua. Ja, då det vart berre han og ho mor inne, sette han seg i golvet, innåt ein vegg. So påla han henne å vera tyst.

«Her lyt ver som e sei.»

Det næste tok han no til å raid med kroppen. Og medkvart dunsa han hovudet i veggen, so det berre svara i stua, og medkvart røska han hår av seg. Han vistes då so morsk i ausyna; og ho mor var so redd ho berre skalv i senga. Men ikkje sa han noko, og ikkje sa ho noko; ja, han finska vel noko i takan; men det skyna ikkje ho seg på.

Men det kom til å visert etter. Innan kort tid gjekk det 16 hol i foten hennar. Og attpå dette tok det til å bli bra med henne.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *