Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Anders var fyrste mannen som budde på Stigen

Fyrste mannen som budde der, heitte Anders. Han skulle vere frå Austefjorden. Fyrste åra budde han i ein vårfjøs. Han bar ungane sine opp frå sjøen i ein tåge. Gamlestova vart riven for nokre år sidan (1940). Her var ein gong to brukarar, den andre var i Lisjestigen. Her syner husmurane etter ein eldre bustad ovanfor. Sagnet seier at mannen som budde der, skulle gje hesten høy i ei strokkekinne. Til meir hesten åt, til lenger kom hovudet nedi strokkekinna so det til slutt vart fast. Hesten vart blinda og reiste utfor fjellet og slo seg i hel. Etter dette låg garden øyde og Lidabygdarane bruka sidan garden til krøterhamning. Då garden vart oppatt-teken på nytt av Anders, vart husa flytt nedfor bakkane. Anders var novasmed og tok seg godt betalt. Når folk pruta med han, sa han «De må hå ette at det gjenge jarn, kol og tid og fil». Etter Anders kom det ein som var skomakar, og han selde garden til Nils Høydal. Skomakaren flytte inni Langevågen. Dei gamle hustuftene på Åkrane syner den dag i dag. Ein av sønene, Sivert, vart frikyrkjeforstandar. Eiste sonen, Adolf Stigen, vart maskinist, Johan ingeniør i Standard Oil comp. U.S.A. Det kan og nemnast at han som tok opp att garden, budde nokre år i ein vårfjøs som Lidabygdarane åtte, då dei hadde der hamning.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *