Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976

Andre arbeidslønner

 

Skomakar og skreddar fór kringom på gardane og arbeidde åt folk. På dei største gardane og der det var mange som hørte til i huset, kunne skomakaren drive i opptil 3 veker på eitt stelle.

Dei som reiste omkring slik, kunne ha ein læregut med. Læretida var 4 år så tidleg som kring år 1900. Ein som gikk med som læregut, hadde ikkje noe betaling alt med han stod i lære, men han fikk maten. Når han så hadde stått ut læra og tok til som svein, var betalinga 80 øre om dag og maten.

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Frå gammalt av gjorde dei sko av huder som var barka heime på garden. Eit av dei arbeid som låg til ein som gikk i lære, var å sette inn med feitt og gjøre mjukt det som skulle bli verk til sko. Kring hundreårsskiftet tok det til å kome feittlêr i handelen.

I arbeidssko var sålane plugga til overlêret og betalinga for å gjøre et par kvinnesko var kr 1,20. Arbeidspengar for mannssko var kr 1,50.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *