Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Andreas Einarsa og finnlendingen

Han Andreas Einarsa var Bøfjæring. Han fortalde mange rare sager. Ein gong var han saman med ein finnlending som skulle ha mange rare kunster. Ein gong dei kom gåande fram mot kjerka sa finnlendingen:

«Trur du æg kan få kjerka å opne sæg sjølv?»

Dette trudde ikkje han Andreas Einarsa. Men finnlendingen gjekk attåt kjerkedøra og plystra inn gjennom lykelholet. Då høyrde dei tunge steg på kjerkegolvet, og kjerkedøra kom brått opp så det kvein av ho. Men ingen såg dei. Finnlendingen plystra atter i lykelholet, og dei høyrde som ein sus i kjerka, og døra small att like brått som ho vart opna.

Då dei gjekk over kjerkegarden baud han Andreas om å take mold i den eine handa og så skulle han hive den molda på ei jenta dei såg bortpå vegen – så skulle jenta komme etter dei. Han Andreas tok molda. Men då han kom attåt jenta, slepte han molda på marka i staden for å hive ho på ryggen åt jenta. Dei gjekk eit stykke, då sa finnlendingen:

«Du heiv ikkje molda der æg sa.»

Og han Andreas sa som sant var.

«Hadde du gjort som æg sa, hadde jenta måtta snudd.»

Men då dei kom heim til grenda møtte dei ein svart mann.

«Der er han du tok molda frå! Men han skal ikkje gjera dæg noko,» sa finnlendingen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *