Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Andres i ungdomen

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Då er var sloppen for presten, var eg i kring og tente. Fyrst var eg fire år hjå morsyster mi på Raneis-Marken i Raneisbygd'n i Nord-Aurdal. Sidan tente eg to sumrar i Gåsdeild'n (no Steinvoll) i Vang. Nord i garden på Fauske her i Røn var eg i to fulle år. Elles var eg stuttare tid mykje til arbeids både her og der i Slidre. Eg har stridt og snikkert og timbra. Soleis har eg sjølv bygt selet, fjøset og løa på stølen, og alle husi heime har eg flytt og bygt upp att.

Åtteogtjue år gamal vart eg gift med Marit Olsdotter Jorstad frå Øystre Slidre. Barn:
Ola, som fór til Amerika og var med i Verdenskrigen,
Guri, Marit og Ingebjørg som er døde,
Sverre og Knut er heime. 

Eg laut ta mot garden tre år før eg vart gift. Gjennom åri har eg utvida og forbetra garden med innkjøp av jordstykke og ved nybrot. I alt har eg brote upp i kring 20 mål. I heradstyret har eg sete tre år. Elles har eg vore takstmann og skyldsetningsmann. Eg har elles vore nedlest med byrdor og tyngslor meir enn godt var. Eg kan seia eg laut sjå til med mine frå eg var 12 år. To gonger hadde eg meint fara til
U. S. A., men det laga seg so at eg sette det over.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.