Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Andres Olson Grefsrud og skulen

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Det var slutt med umgangsskulen då eg tok til på skulen. Men det var ikkje bygt skulehus endå. Dei hadde leigt uppåstoga på Søre Fauske. Der gjekk eg på skule ei tid. So vart det leigt ein kleve på Øygarde, der han Haldor no er. Det var han Ola Reidarson Berge som var lærar.

Men far hans, Reidar Berge, hadde vore umgangsskulelærar. Han var fødd 1808. Det var ein spill, god mann. Løni hans var nokre skilling som var luta ut på kvar bonde, og dette laut han sjølv krevja inn. I alt hadde han 10 dalar for heile vinteren. Det var mykje den tidi. Han Reidar Berge var i skyldskap med han godfar, det var same Reidar-namnet. Difor var han ofte hjå godfar og tala med han, og då tala han um skulemeistertidi si.

Han Reidar hadde ikkje gått nokor skule. Han var heilt sjølvlærd. Og skulen vart difor sermerkt. Ungane sat rundt eit langt bord i daglegstoga på gardane og las til husens folk skulde ha mat. Då var det å sope i hop bøkene. Dei ungane som ingen mat hadde med — og det var mange fattigfolks-born — fekk mat med dei andre i huset. Det var fast takst. Sume stader fekk alle ungane litt traktering i sjølve skuletidi. I den gamle tidi avla dei erter på dei fleste gardane. Og so fekk ungane av og til ein neve erter til maule på. Stundom fekk dei kvar si kålrotskive. Det var gilde saker!

Med skulen stod på, dreiv ofte folk med det vanlege husarbeidet sitt. Kvinnfolki tulla og spann, kokte mat og meir slikt. Karane gjorde sopelimar, snikkerte, ja, det hende at dei flo kalvar inne med skulen gjekk.

Ola Reidarson Berge hadde gått Land seminar. Han var difor flink, ogso til rekne og skrive. Me skreiv med fjørpenn og krota på steintavlor. Griflar til skrive med laga me sjølve. Me slipte dei runde og kappast um kven som kunde få dei finast. Ola var ein streng kar. Når ungane var lekte, drog han dei ofte fram frå bordet etter luggen. I religionstimane Laut me lære lesa for maten og beda kveld- og morgonbaner.

Det var mange i gamal tid — endå til då eg var ung — som gjekk fleire år for presten. I gamal tid var det liksom so mange som var so lite for seg, kva det no kom av. Når dei var konfirmerte, bar det på leigd med dei.

Det var ein mann «austa åsen» (d. v. s. frå Øystre Slidre) som kom til presten Winsnes og vilde ha konfirmert ein 20 år gamal gut. Winsnes svara:

«Men han er så dum, gutten din!»

Då svara mannen med grovt mål:

«Ja, dum e 'n. Han skjøne 'kji store A-'n um du stegla 'n på peisla-e so stor so månin!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *