Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Anne høyrer ei underleg stallvekkje

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Siste natti me var på stølen, brukte me vera uppe heile natti og koke åt det brimet me hadde att. I grålysingi bar det då gjerne heim.

Ei slik bufarnatt sat eg og syster mi i Brekko (stølen til Gridhamar) og kokte åt brim. Best som me sat slik, der høyrde eg ei stallvekkje single fleire gonger, so inderleg fint, at eg aldri har høyrt so fin bjølle.

Eg sa då te syster mi:

«Høyre du denne fine bjølla?»

Men ho høyrde ikkje noko. Det er ikkje alle som får høyre og sjå slikt underjordisk, veit du.

Alle krøter var heimfarne, so det fanst ikkje krøter att på stølen. Det var difor greitt det var kyrbjølla åt dei underjordiske. Dei buferde no på stølen. Eg var mutt og ille ved resten av natti.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *