Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8

Aosemannen

 

Jon Børsheim – Jo i Aosen – var ein av siste plassmennene i Ulvik.

Jo i Aosen var ein stor og staut kar i sine unge år. Og han var styggeleg sterk. Det er fortalt at han bar ein hundrekilos mjølsekk frå Brakanes og opp i Aosen, ein times veg når du går børalaus…

https://assets.atlasobscura.com/media/W1siZiIsInVwbG9hZHMvYXNzZXRzL2Y1NzkyNjEzN2NjZTIyODNmNl9CaWVsaW5pcy5qcGciXSxbInAiLCJjb252ZXJ0IiwiLWF1dG8tb3JpZW50ICJdLFsicCIsInRodW1iIiwiMTI4MHg3MjArMCs4NCJdLFsicCIsImNvbnZlcnQiLCItcXVhbGl0eSA4MSAtYXV0by1vcmllbnQiXSxbInAiLCJ0aHVtYiIsIjEyODB4NzIwIyJdXQ/Bielinis.jpg

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde, og er IKKE av Jon Børsheim/Jo i Aosen.

Han var strid på tobakken, og han skulle vere svær til å eta. Han brukte slirekniven når han skar av tobakksrullen, og skråa var lang som ein nagl. Når han bløytte flatbrød til nons, så var det minst tre lefser, og det var ikkje av tunnaste brødet. Når han slakta om hausten, så etla han seg seks smaleskrottar til huset endå han var åleine. Til ettermiddagskaffien – ein time etter middagen, gjekk det med to krotakaker…

Ein husmann skulle vel helst vere tunn og mager, – han Jo var tung, raud og rund og med heller stor mage. Då han var 86 år, vanta det berre ein jaksel i munnen hans, elles var tennene friske…

Han Jo helga kviledagen på sin måte. Han vaska seg, fjelga om skjegget og tok helgakleda på. Så gjekk han så langt fram på brotet at han såg kyrkja og høyrde klokkene, der sette han seg på ein stein og song eit par salmevers. Det var helga hans. Så gjekk han attende til kvardagen…

Den harde snøvinteren 1920/1921 braut løtaket i Aosen saman og Jo laut gje opp. — Då gjekk vegen til gamleheimen.

Han heldt auksjon over reidskapen og husbunad før han drog. Husa åtte han. Dei vart selde…

Jo vart buande på gamleheimen i 18 år.

I aprildagane 1940 skaut tyskarane gamleheimen i brann. Jo og to andre gamle brann inne.

Slik vart endelykta hans Jo i Aosen…

Brann i Ulvik-I

Deler av Ulvik sentrum, hus på Skeie og Ulvik gamleheim i brann.
Foto: Gudmund Fleten

Brann i Ulvik-II

Ulvik vert skoten i brann.
Den 25. april 1940 tidleg om morgonen kom 5 tyske krigsskip til Ulvik.
Under brannen omkom 3 personar på gamleheimen.
Foto: Gudmund Fleten.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *