Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Arbeid og løn


Eg hadde tent burte vinter og sumar i 11 år då eg 28 år gamal vart gift. Det var stride arbeidsår! Folk veit ikkje kor godt dei har det no! Eg tente soleis i Nordre Lien i tvo år, i Plassen (no S. Lien) fire år, på Vestrebø eitt år og elles mykje dagarbeid, på Oppei tvo år, i Moe eitt år, alle i Nord-Aurdal. So var eg budeie ein vinter på Haug på Haland.

Då eg var 15 år, kom kaffien i vanleg bruk ein gong um dagen. Sume brukte kaffi berre te kvar sundagsmorgon.

Løni for ei tenestgjente i 1870 var fem dalar året og fulle klæde, ein kjol, tvo par skor, eit par hosor, eit par hose-attpåbindingar og tvo serkar. Dette var største løni eg hadde. Ein kjol var verd 13 ½  mark, eit par hosor tre mark, attpåbindingar ei og ei halv mark, og ein serk tre mark. Arbeidsløni for eit par skor var so ei halv mark. Denne løni fekk eg hjå Anne Oppei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *