Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976

 

Arbeidet på garden i Nordre Land

Bildet er kun et illustrasjonsbilde, og er malt av Julien Dupré.

Gangen i arbeidet på gardane innan ei bygd var vel stort sett eins. Det var lite skifte i drift og bruksmåtar, så det gamle, tilvante vart haldi ved lag frå brukar til brukar.

Anders Sollien i Torpa let etter seg notat om arbeidsgangen på heimegarden, Sollien. Det han har skrivi om dette, er tidfest til 1860-åra.

Han tar til å fortelle om det faste arbeidet på garden om seinhøsten. På garden var det to drenger utanom husmennene.

Dei var oppe klokka 4 på morgonen. Først var det åt stallen og fôre hestane. Så var det åt kornlåven. Der slo dei or så mange kornband at budeia hadde halm nok til dyra for dagen.

Det var da blitt tid å gå inn og få føredugurd.

Klokka 7 var dei ute att. Da bar det til å få heim fôr eller beitved. Beitveden var strangar av osp eller selje som var lagde opp under kjørvlauvinga før om høsten. Dei kjørte strangane fram til fjøsdøra og let geitene gnage av borken der. Dei brukte elles kappe opp strangar i kabbar og bere i fjøset til geit og sau.

På seinheisten fikk dei til gards ris til limar og kvist til vidjeband åt limane.

Å binde limar var kveldarbeid. Ein mann gjorde vanleg 3 limar på ei kveldsøkt. Dei rekna med at det trongs 60 limar i året.

Om ein ottas det kunne kome til å bli knapt om fôr, vart eit par mann skikka til skogs for å bryte ris.

Det var vanleg laje for ein mann å få til gards 4 risbører på ein dag. I kvar bør rekna dei 6 gjev. Eit gjev var eit risknippe så stort ein mann kunne ta i armkroken.

Når det var blitt kjoresnø, vart to mann med kvar sin hest skikka til seters for å hogge og få fram kostved til sommaren. Dette arbei¬det kunne rekke i 2-3 veker ettersom kjøreføret var.

Eit anna arbeid som låg til denne årstida, var å bråke lin.

Først på nyåret var det vanleg at vedskålen var tom. Ein av drengene vart da sett til å ha sund ved. Dette arbeidet gikk au i laje. Vedlajet var 2 ¾ m. langt, 2 m. høgt og med kabbar på 70 cm. Vedkabbane skulle vere grovkløyvde.
Kring midten av mars reiste husbonden til Lillehammer og kjøpte inn mat for året. Det var brukt to hestar til desse turane, og vanleg. kjøpte han varer for 240-250 kroner.

Før vinterforet tok slutt, var dei til kvenns. Kornet som vart mall, var tørka i badstuen.

Når det var tid å ta til med våronn, flytte drengene med sengstaden til stalltrevet. Det var lettare å kome til å stelle hestane da. Første fôringa fikk dei klokka 3, og ein time etter var dei i arbeid.

I hovolla hadde ein gjerne skreddar og skomakar i huset.

Slåttonna tok til kring 10. juli og varte i 6 veker. Det var vanleg 6 karar og 2-3 kvinner med i slåtten. Ei kvinne hadde å breie etter 2 mælingskarar.

Når slåttonna var over, bar det til å lauve. Både menn og kvinner var saman om lauvinga. 100 kjørve om dag på kvar var vanleg laje. Med lauvinga stod på, kunne ein mann bli sett til å rispe lauv av selje. Det gikk etter laje dette arbeidet au. Han som rispa, skulle ha fyllt 4 vogtkorger på ein dag.

Når åkeren var skjær, målte husbonden opp åkerlandet i mælingar. Til dette arbeidet brukte han ein reiskap som var laga av tunne lekter av tre og hadde skap som ein passar. Spennet mellom beina var 3 ½ alen. Så la han ut skurmælingen med å måle ut 14 lengder på ein kant og 16 på den andre.

Det gikk nå bod til husmennene. Konene til husmennene og vaksne barn kunne møte opp for hjelpes til i åkeren.

Vanleg laje i skuronna var ein halv meling på ein dag.

Arbeidet med å sette kornet på staur var kalla oppdrått. Det var to mann om dette, og dei hadde kvar sin hjelpesmann med til å bere åt kornband. Kvar av dei som hadde oppdråtten i åkeren, kunne sette opp kornet av 3 mæingar på ein dag.

Skuronna tok jamnast ei veke.

Etterpå vart noen sette til håslått. Andre var i arbeid med å få lauvkjøva i hus.

Så bar det til med lokjøinga. Til det var det brukt 3 sledar. Ute på åkeren var det ein mann og ei kvinne om å løse ned band og bere på sleden. Inne på låven var det au to om arbeidet, ein til å legge loa i floer og ein til å sende band. Han var heitande bandkastar.

Husmennene hadde 6 laje kvar i plikt i potetåkeren. Ein drivar kunne klare 2 laje på dagen.

Eit ana høtarbeid var å så ut linfrøt. Til linåker var det vanleg å bruke oppløgt voll. Slik jord var kalla øiåker.

Der dei skulle så lin, gjorde dei seg mye føre med å få bort røter av ugrasplanter. Det vart ikkje gjødsla der ein sådde linfrø.

Kring Mikelsmesse (29. september) var vanleg all avling i hus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *