Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Arbeidsfolk

Han Hallstein Vedaona

Han Hallstein var bror hans Store-Nils, og sat på eit plass på Lekve, Halvrud, dei kalla. Han var gift med ei Brita Lekve, og åtte ei tri-fire born med henne. Kona og borni var svært arbeidsame, og han Hallstein laut no fylgja med.

Eit stykke inn for Øydvin, upp ifrå Osafjorden, ligg det nokre slåttor som dei kallar Stigaslåttona. Dei høyder til Øydvin. Det var noko avbaklege utskjeklor, vande å koma til. Høgt uppe i lii låg dei Og. Dei var so bratte at dei kunne ikkje letja upp hesjar der. Han Hallstein bruka desse slåttone, bar høyet upp stigane til ei liti løe. Det voks radt overfengt med gras i Stigaslåttone, og han Hallstein skar to mål åker for dei. Han kom til Øydvin med kone og ungar. Det var moro å sjå på dei der ute på åkeren! Eg skal seia at dei fekk arbeidet frå hendene! Hallstein og Brita skar og ungane batt, og like fetne og flinke var dei, alle saman.

Dei siste leveåri fekk han Hallstein litevetta hjelp, gjekk ikring åt jordamennene og henta nokre kornsåer i hiti si. Han tykte at dei var ikkje alle like rause, og det var vel so. Ein gong stod ein Håheims-mann og tømde korn uppi hiti hans. Då sa Hallstein:

«Eg ser lite, eg. Tek'e du elde gjér du?»

Den unge, driftige kona hans heldt heimen i hop, og båe naut ålmenn vyrdnad i bygdi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *