Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Arbeidsfolk

Nasagjætaren

Det har vel aldri levt nokon einskildmann i Kinsarvik
som med eigne armar har brote upp so mykje jord og lagt upp so mange
røysar som Nasagjætaren. Tenk om dei hadde vore samla på ein stad!

Han kom frå Gol i Hallingdal
og kalla seg Ola. Foreldri var husmannsfolk i tronge kår, faren ei
uvyrde, dansa og drakk og slo kone og horn. Ein god dag strauk han or
bygdi, og ingen frette noko ifrå han. No vart det knage til gagns. Han
Ola laut ut til framandfolk og gjæta for maten, endå han var berre sju
år.

Ein dag kom det brev. Mannen styrde ei jord attmed Kristiansand .
Dei fekk selja stova og det vesle som i var og koma. Og kona so gjorde.
So tok ho ut på den lange ferdi, med eitt barn på ryggen og eitt i
handi. Ho gret seg fram frå bygd til bygd. So tok samlivet til på ny.
Det gjekk på ei vis dei fyrste fjorten dagane. So vart det same
huskestova som før, og so gret kona seg attende til Gol.

Ho fekk att stova og plasset. Eit par born vart visst sette ut til folk i bygdi. Og so laut det gå som best det kunne.

Han Ola var mellom dei som laut greia seg sjølv.

Ferdakarar frå Hardanger fortalde at det skulle vera godt om arbeid i
bygdene der, og at lønene var rimelege. So sette han seg fyre å prøva
seg der borte. Då var han femten år. Mori fylgde han eit stykke
vestover fjellet. Då dei skildest, la ho på han å vera audtæg og trugen
og ta vare på skillingane sine, so han ikkje vart nokor byrd for andre.
Desse ordi kom sidan til å verta rettesnori for livet hans.

Jau, arbeid fekk han, og godt arbeid gjorde han. Folk lika han Ola. Det var ein finsleg og fånøyten og smålåten gut.

Om sumrane tok han gjætsle. I mange år låg han i Nasuna for Røte og Nes
og Reisæter, og det vart so at nemningi Nasagjætaren kom til å festa
seg på honom. Eg høyrde aldri noko anna namn. Han låg i ei steinbu.
Smalaeigarane sytte for gjætslemat. Elles skøytte han vel i med aure.
Han var ein god gjætar, og det kom ikkje bort mange beist i Nasuna i
hans tid. Det var gilde beite i Nasuna. Lambi kunne vega upp til ei 25
kilo om hausto. Eg fekk 47 kilo kjøt ein haust tå eit trillinglag.

Han tok elles alt arbeid som var å få, og det var ikkje jamt det
lettaste. Om vinteren kunne han arbeida ut byved. Men fyrst og fremst
arbeidde han med jordi, so sant marki var tidi. Han ville helst ha
arbeidet på akkord, tykte at han tente betro då. Han var ein drivar, og
aula på seint og tidleg. Når han stod i eit nybrot, gjekk han i eitt
med bakken.

Ein haust skaut han upp for oss her på Nes. Han låg i ein bås i floren
vår. Me borni kunne sjå kor det lyste ut gjenom ein glugg i muren om
kveldo. Der inne stelte han til maten sin òg.

Eg laut ta ei veit over åkeren min her på Ystanes
i 1903. Det var vatnet. Ho var 2,5 alen brei uppe, noko smalare nede,
og to alner djup. Nasagjætaren tok arbeidet for tjue øre ali. Kost og
hus hadde han fritt hjå meg so lenge arbejdet varde. Eg var godt nøgd
både med mannen og arbejdet hans.

Ein dag stod han og grov på jord i Langasæterhagen, og so hadde det rulla nokre steinar ned i vegen der.

«Du fær nok ta bùrt denne stainanne», sa lensmannen.
«Æ da linsmannen?»

Jau, det var nok so.

«Da ha nùkù pao seg, da», sa han Ola.

Han budde ymse stader. Eit bel heldt han seg i eit gamalt loft på Hauso, ein bolk i ein naustlem i Grimo ,
nokre år i ei gamal bu på Nes. Det ligg eit bryneberg på Årekol. Der
stod ei liti stove som dei arbeidde i og åt i. Dei kalla henne
Brynebergstovo. Sidan kom dei til å leggja ned dette arbejdet. I denne
stova budde Nasagjætaren i heller mange år. Eg møtte han ein gong, han
kom med noko ved på ein siede.

«Da gjeng'ù so mykje ve i dan Brynebergstovo», sa han, «eg sko hatt meg
ain likare ovn. Eg kunne vel ha raott meg te ain ny'n ovn.»
«Ja, da va so», svara eg.
«Ja, eg kunne vel hatt rao te kjøpt meg ain ny'ù ovn. Men ka ska eg i
grunnen mæ nùkùn ny'ù ovn? Ain brukt'ù ovn graie seg godt fy meg», sa
han.

Matstellet hans var einfelt. Han koka flust med potetor, dei var
billege. So var det spekesild og skjør eller renning. Av og til nokre
fatige kjøtfliser mellom tennene til eit byte. Vassgraut bruka han
mykje. No og då steikte han vaflor, og til dei kunne han bruka smør og
kaffi. Det råka at folk fekk smaka vaflone hans når dei sveiv innom. Eg
fekk kaffi med kandissukker i og nysteikte vaflor tå honom ein kveld.
Eg bad at han måtte sjå innom åt folket mitt, men til det kjende han
seg for uverdig.

Han var noko urudd i kledevegen — ja kunne ein venta anna? Brokabøtene på kne og fò var ikkje jamt so nepne.

Ei jol skjenkte ungdomane honom på Ystanes. Det synte aldri på honom at
han hadde drukke, anna på dæmet. Dei skjemta med han, og sa at han
burde finna seg eit menneske.

«Å, dai fær finna, dai so ve», svara han.

Det vart aldri so at han gifte seg.

Det hadde gått han i blodet at ingi pengar skulle ut anna til sovore
som var heilt naudturveleg. — Han hadde ikkje fått lært å lesa og
skriva og rekna. Han la pengar tå same slag for seg, og når han hadde
hundre kronor, gjekk han til Utne
og sette dei inn i sparebanken. Han gjorde ei skòr i ein stav for kvart
hundre som kom inn i banken. Det vart etter kvart mange skòrer på denne
staven.

«Du ha da godt, du Ola, so aig'ò so mangje pengar», sa ordføraren med
honom. «Ha du prøvt da, du?» spurde han Ola og skoda på honom.

Og det var vel so, denne mannen hadde ikkje løyst so mange torvor.
Sidan kunne han ikkje lata vera å koma i hug det blodslitet og den
forsaking som låg attom desse skillingane.

Elles var han ingi lus. Han Knut Uthus kom til honom, og spurde om han ville gje noko til innbu i Gol-kyrkja. Jau, det kunne vera ein tanke. Kor mykje hadde Uthus'en gjeve sjølv?

«Femti kronitr. Kur mykje ha du tenkt å gje?»
«Da fær vetta hundra ifrao meg dao», svara Nasagjætaren.
«Da kann no graia seg mæ mindùr», sa han Knut.
«Antan fær da væ nùkù so æ, eldùso fær da væ inkje.»

So gjekk åri. Han vart utsliten og kom til sengs. Han fekk liggja i ei
bu hjå han Ivar Hauso. Skyldfolki hans hadde me aldri set noko til her.
No hadde dei frett at han sat inne med mange pengar, og so kom dei og
henta han heim.
Arven (ikr. 40 000 kr.) gjekk til slekti.

«Nasagjætaren haure te dai meniskje so ytte mair her i live eldù han fekk att'n», sa han Ivar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *