Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Arbeidslaget


Arbeidslaget eg hadde der, vil du kanskje vita. Jau, eg stelte fyrst 14 naut og 30 småkrøter og laut bera inn kvar «evige» vassdropen dei drakk. Fjortan vassvendor um dagen laut eg gjera for eg la vass-selen tå aksli. Når eg kom innatt, laut eg spinne ei mork vadmålsvarp te dagen, men då fekk eg kara åt meg.

I mellom måtte eg veva ein lereftsvev på 60 alner, so ein vadmålsvev på 50 alner, teslutt ein kjolevev på 30 alner. I den siste var det emne te kjol åt meg og Anne og so eit raudrutut vestemne åt tenestguten.

So laut eg sy med handi ”linplaggi”, tvo skjortor åt kvar i huslyden, åt Anne, sonen hennar, tenesteguten og meg.

Då slåttonni kom, var det å ta riva og raka og graskjøra og skjera kring kvar stein og kvar kjørr. Ja, det laut ikkje stå att mange grasbetar etter slåtten då!

I skurden hadde eg lage å skjera eit halvt mål te dagen. So skulde eg skjera Flatåkeren. Han var seks mål. Eg tok te ein måndagsmorgon, og laurdag var han «ferdig». Då fekk eg betaling attpå for tre mål, og det var tvo mark målet. Då var eg fire og tjuge år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *