Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden

Arbeidsliv på stulen i Lifjell i farne tider

Arbeidsdagen byrja klokka fire om morgonen. Det var særleg viktig å få dyra tidleg ut dersom det var varmt ver. Kleggen kunne vera plagsam så det var om å gjere å kome tidleg i gang med mjølkinga. Kyrne burde helst vere ute på beite ved halv seks tida. Deretter byrja arbeidet med mjølka. Det ein fyrst måtte gjere var å separare. Ystekjelen måtte ein få over grua, og fjøset måtte gjerast reint. Ved måtte ein ha rikeleg med til ei kvar tid, og det var ikkje lite arbeid med den.

Når det var varmt i veret, kom kretura tidleg att. Da måtte dei bindast inn slik at dei kunne skånast for den verste insektplaga midt på dagen. På slike dagar måtte kretura mjølkast ved firetida. Når kvelden nærma seg, kunne dei så koma ut att. Da gjekk dei ute om natta og bette.

Budeie på Haukeliseter demonstrerer kinning av smør for omreisende fotograf trolig på 1880-tallet. Foto: Axel Lindahl

Når mjølka vart separert, fekk ein skumma mjølk og fløte. Skummamjølka vart brukt til ost. Ein måtte ha så mykje skumma mjølk at ein kunne lage ein passeleg stor ost. Ein måtte ha 30-40 liter skumma mjølk for å få tre-fire kilo ost. Skummamjølka måtte halde 37°. Dei gamle stakk fingeren ned i for å kontrollere temperaturen. Det var nok. Osteløpe måtte ein så ha ned i mjølka. Så måtte ein ha osten ned i ostebala og så vart det lagt press på. Dette måtte stå til neste dag. Oste bala måtte snuast og sjåast etter regelmessig for å kontrollera at det heile verka slik som det skulle. Det som var att etter ystinga, vart kalla myso hvis det vart nytta til primkoking. Her måtte ein ha mykje ved og god varme. Det kunne vere ein hard jobb å sitje ved primkjelen i solskinn og varmt ver med klegg og insekt surrande i lufta. Primen måtte ikkje bli «sanne». Fløten vart kinna til smør, og kinnemjølk eller saupet vart drukke opp. Mjølka vart på den måten nytta fullt ut. Ikkje ein dråpe til spille.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *