Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Gunnleik H. Mjellekaas

 

Årelating o kopping

Dæ va mange heimerådir mot sjukdom før, men nå ha eg gløymd dæ meste. Årelating o kopping blei bruka fe indre sjukdomar. Dem sette på ei koppe, o når den ha sotti på armen et bel, blei ho som ej pøsje (pølse). Da tok dem koppejønnet o skråpå ho ta, klemde ut blodet o sette ho på att. Dem bruka au mykje plentu som dem koka, horde eg gjete.

Grepplyng (lyng mot grepp, en sykdom etter folkemunne) veit eg dem bruka. Den blei turka o så tende dem på varme o blés røyken mot juvra på kjyn. Men hott røyken sku
vørå godt fe veit eg ikkje. Stål bruka dem når ein ha sligji seg så dæ trutna. Da tok dem ein kniv o la på dær ein ha sligji seg. Dem ha så mykje rart fe seg dem gamle! Dæ va legedom i elt, men dæ va nå trua som hjålp. Eg veit dem bårå kretur i nåsån o skar dem i rova fe å få ut blod mot buresjuken.

Hestar skura dem i kjeften. Dem brende selt o môl dæ fint, o så ha dem ei tjyrufille som dem ha selte på o så nøkå (gnikka) dem hestekjeften — hott dæ sku vørå godt fe, ha eg gløymd.

Eg hørde dem snakka om knøtågras mot utøy på folk o dyr. Dem bruka plentu te farging ta ull o tøyer — jemne o måså, o jemnen va eit slags bindemiddel. Eg minnes at dem bruka blåstein o svart når dem løtå heime.

 

 

Om forteljaren Gunnleik H. Mjellekaas

Forteljaren, Gunnleik H. Mjellekaas, blei fødd i 18751 Gransherad. I dag er Gransherad ein del av Notodden kommune. Intervjuet er frå 1956.

Far hette Halvor Gulliksen Mjaugeto, o mor Torbjørg Jonsdotter. Ho kom frå ein liten jordveg som hette Dalen nordmæ Reisjå i Mostue.

Dette er historia om ei tid då folk tente lite og svalt ofte. Gamle folk gjekk på legd og ungane frå ein husmannsplass fekk ikkje lære å skrive og rekne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *