Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Åringsmerke

(Hjå Andres Olson Grefsrud)

Var det so mykje snø på skogen i adventa at tre eller buskor var bøygde, var det eit godt mark. Då vart det ein frodig og god årning.

Når det i adventa var so mykje snø at vegane vart burte, var det ogso eit godt åringsmerke.

Var skogen snau i adventa, og veret turt, vart det ogso eit snautt og turt år.

Under Olberg var det ein jukul dei kalla Kjyrjukulen. Når han var røst og reinska, kunde dei ta til med våronn og fara på vårstølen med krøteri.

Har musi um våren luddi og lang rove, blir det eit godt forår og ein god busumar. Surve år har musi nubbi og turr rove. Då blir det ein dårleg haust og lite i krøteri. Andre tider er muserova lenger enn heile musi. Då var det grunn til å gleda seg. Er det mykje mus ein sumar, er det ogso ein god busumar.

Når tore slær i opi fòr, får budeia lite smør, sa dei i Ulnes.

Når tore slær um våren i pløgjingi, blir det det turt år. Men gjel gauken i opi fòr, blir året godt.

Kom det mykje snø um vinteren, og han bråna, so vatnet rann fint tå um våren, vart det eit godt år. Men var det motsett, sa dei:

«Mø hadde ein lettvind vet i år, mo får ein lettvind sumar me!»

Kom det ein dugeleg snødott i ei nyplogje um våren, sa dei at det var so godt som ei tallebreie.

Vinterråki såg dei gamle mykje etter. Dei spådde um vinteren etter henne. Var det tett med stjernor i eine enilen — eg hugsar ikkje no kven det var — so vart det ein snøvinter. Då laga dei seg til fjells og lunna saman store veda-vardar. Det var um å gjera å passe seg før snøen vart for stor.

Gamle Ferin hadde so visst mark på om det vart ein frostahaust. Den 3. og 4. mai-natti stod det alltid eit vass-spann med ein sopelime i ut i Feris-garden. Fraus då spannet so mykje til um nettene, at ein kunde bora spannet inn etter sopelimen um morgonen, vart det ein frostahaust. Slike år skar alltid Ferin åkeren grøn nedpå Myra.

«De e bere få de grønt enn frøse!» sa han.

Når han ikkje venta frost, let han vanleg åkeren ned på Myro ogso stå til han vart mata.

Venta dei ei frostnatt, freista dei gamle å møte faren, sa han godfar. Um tutti gjekk det ein mann på kvar side av åkeren med eit tog mellom seg. So gjekk dei fram og attende etter åkeren og sopte varsamt etter eksen med taget. So brende dei bål med råved rundt åkrane, so det vart ein glup røykjehjell over dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *