Skrevet av::
Sturla Brørs
Hentet fra Årbok 1979
Nord-Trøndelag Historielag
Redaksjon: Olav Skevik og Jarle Skjei
I kommisjon hos Steinkjer Bokhandel AS
STEINKJER TRYKKERI A.S 1979


Armfeltsoldater i Beitstad i 1718


Kor langt nord kom soldatflokkane frå Armfelt-hæren i 1718? Eg har aundrast om dei kom så langt som på Namdalseid, men har ikkje funne spor etter det. Mellom nokre bygdemålsstilar som elevar på Namdals folkehøgskule skreiv kring 1930 har eg funne eit par oppskrifter om ein slik flokk (eller to flokkar) som kom til Beitstad og heilt nord til garden Hjellan ved Hjelbotnen, inste enden av Trondheimsfjorden. Den mest utførlege av desse stilane er skriven av Alfred Kvarving etter fortekjing av ”ein gammal kårmann som heitte Oluf Tessem”.

Forteljinga er slik:

De va nyss ferre jula åre 1718, Armfelt kom me’n hær åver grensa å for å røva norafjells. Han delt opp hær’n e mang små flokka, å nå’n tå dæm kom hit åt Beista’n. De fertæles at ein tå dem kom te Skjevik. Der vesst dæm at svenskan va e farvatne, dæffer ha karran spronni å gjømt sæ. Da svenskan kom te gårs, jikk sjøl kånnå ut på gårn å sa: ”Dåkk ska vårrå vælkommen hit, fien.” ”De va mykkji te falsk hælsing, gumma,” sa svensken. Dæm for støkt fram på Skjevik, slakta mang kjyr å saui å to all mat’n som va e bure. Så reist dæm derefrå å åt nabogåra, Lia. Der va bærre kånnå heim. Dæm vill ha a te å fertæl kor mann hennes va, men ho sa at de vesst a ikkj. Da vart dæm så sint at dæm to å batt a fast ti rompa på en hest, å jåggå han te Rennan, sjøl jikk dæm ætte å sång. Da kånnå på Rennan fekk sjå kæm dæm ha botti ti hestrompa, sa ho at de var bæst daæm slæft a laus, fer ælles konn ho sætt ont på dæm. Fer ho va litte tå e trollkjærreng, ho. Da dæm fekk hør de, vart dæm radd – fer dæm va åvertruisk. Så to dæm å løyst a å jåggå a heim. Derefrå to dæm vei’n te Morkve, der va bærre kånnå å to små onga heim. Ho satt å båkkå flatbrø da dæm kom å ongan trøydd sæ utpå gåra. Da dæm fekk sjå at svenskan kom, vart dæm så radd, fer dæm ha hørd at svenskan brukt å tre små onga på garstauran, dæm for in å fertæld at svenskan kom. Ho sa at dæm mått jømm sæ straks. Å da smatt den einin in emillom veggja å murpipån å den annerin smatt ponni sjørta åt morån. Svenskan ville ha matda dæm kom, men ho sa at a ha ingen mat anna enn de flatbrøe ha ha båkkå, å de skoll a ha te julkvellsmat. Men de hørd dæm ikkj på, dæm to å åt opp kvart e grann.

Å så for dæm længer å kom te Benan, Tessem å Kvarving, de va om julkvelln. Så va dæm der te julanndags, da skoll dæm på Namdalseide. Dæm to vei’n beint åver Hjellbotten. Da dæm kom utpå is’n, træft dæm prest’n i Beista’n, hr. Elias, dæm kalla. Dæm meint å dråppå’n, men da’n fertæld kem ’n va, fekk’n vårrå e fre. Dæm vart eni om å ta en tur oppom Hjellan. Da dæm ha verre der e stonn, kom e en mann rian e follt gallåpp. E høger ha’nn holl’n e stort, kvitt paper. Svenskan flåkka sæ kreng’n å villa sjå ka som va skrevve på papere. Å der sto e:
”Kång Kal e folli”. No skoll svenskan fårrå heim kvar åt sæ. Dæm to leia ejønnåm Beista’n, Egge, Sparbua å Gauldal’n å skoll fårrå åver fjelle der, men da dæm kom opp på e fjell som kalles Bokkafjelle, vart e e ferfærdeli over, å mæst hælparten tå hær’n jikk fer e der.

*     *     *     *     *     *     *     *     *


Den andre forteljinga er skriven av Jarle Foosnæs. Han gir opp til kjelde Anton Pedersen Fosnes, fødd 1848. Det er stor skilnad på dei to forteljingane. Denne andre har ingen ting om marsjen gjennom Beitstad, ho bynner med ein flokk soldater som har kome til Fosnes. Der tok dei ein hest og derifrå la dei ut på isen og ville til Namdalseid. Men dei kom berre eit lite stykke i veg, til Låtertangen, der møtte dei presten i bygda – namnet han s er ikkje nemnt – det er vel elles noko uvisst med namnet i den andre forteljinga og – ”hr. Elias” fører tanken bort på Elias Heltberg, men han kom til Beitstad som prest først i 1722. Og så får vi her fortalt korleis møtet millom presten og soldatene utvikla seg:

Presten ”ha  verri på Eide å skoll no heim. Da’n fekk våttå kor svenskan ha tænkt sæ, gosnakka’n me dæm å låvvå dæm at vess dæm vart me’n heim, skoll dæm få ein stor oksi å slakt. Å så vart dæm me presten. Dæm jikk i lann ti e litya vik væstfer Vetvik – deinn hi sea vorti kalla Svænsk vikja. I prestgårn bar e te å slakt å kok. Nætt feinn dæm skoill te å eta, kom e en bubærar sørant efrå. Han jikk beinast bortåt bafalingamann fer svenskan å ga åm e skrivels. Han la skrivelsa vækk, fer han villa eta feinn’n les. Men ein tå de anner offiseran va så nysjerri at’n tok a å jikk bakom e uthus å les a. Der sto e at Karl den tållte ha folli, å så va de ordre om at alt hærfølkji skoll fårrå heim te Sværri. Svenskan stakk av så fort at dæm reist frå steikja si. Presten vesst ikkj anna rå me kjøtte einn han ba samen alt de fattifølk som va der ekrengom på meddag.

(I målvegen legg ein kanskje merke til at den eine av desse Beitstad-gutane har bra gjennomførd dativ i oppskrifta si, den andre har ikkje dativformer!)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *