Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

 

Armodsfolk

Han Gulleik i Trøngdæ

Eit stykke utom Folkedal ligg Kvanndal. Det er ein trong dal med bratte fjell på sidone. Han går over i ei gil dei kallar Kvanndalsgili. Her er det trongt til gagns, og fjelli reiser seg endå brattare. I denne gili, uppe under eggi, ligg ein stad dei kallar Trøngdæ, ikkje so langt ifrå Longeskòr og Holstø. Ingen skulle tru at nokon kunne bu der. Men det syner vister etter hustufter, og ho gamle Gunnhild Tveisme hadde jamvel set sjølve husi. Segnene fortel at det heldt seg eit par fatigfolk her på 1800-talet. Mannen ropa seg for Gulleik og kona for Inga, og dei skulle vera frå Voss. Dei åtte eit par søner, men dei voks visst ikkje upp.

Bildet er kun et illustrasjonsvilde.

Han Gulleik sette upp ei stove. Det var no ingen kongsgard. Ho var ei fire alner lang og ei fire alner brei. Det var mur, og sperret kvilde på ei råme som låg på murane. Det var nevertoke og jordgolv, med ein åre midt i stova. Frå tilet og upp i kanet kunne det vera so ei mannshøgd. Nokon klove eller nokor udør åtte stova ikkje. Då dei hadde butt der eit bel, fekk dei seg upp eit par småhus til: eldhus og vedaskytje.

Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Ein vinter tok ej snøskrida ut stova og drog av med henne Inga. Han Gulleik grov henne fram og fekk liv i henne att.

No flytte dei åt ein heller uppunder berget, ned ifrå Krossasæter. Det var ein stor og djup heller og ikkje lite brei. Han gav godt rom både åt folk og fe. Helleren hadde tømmervegg på framsida, og i tømra var det ei dør. Utanfor tømra var ei hes. Ho stod full med burkne heile året, og tok av for ikkje so lite el. Eit par naut og nokre sauer gav yl og odne dei kalde vintermånadene. Folk ropa helleren for Gulleiksheldren etter han Gulleik.

Sume seier at han Gulleik sette upp ei stove i ein bakke attmed helleren, og at dei heldt seg i denne stova om sumaren.

I nokre skòrer og toer og gotor ikring helleren hadde dei åkerlappane sine. Dei var vel ikkje so store. Dei avla litevetta potetor og kål.

Det skulle vera armodsleg for han Gulleik og henne Inga der i Trøngdæ. I fjelli ovanfor gili var det gode smalabeite, og det gjekk mykje sau der både frå Folkedal og andre gardar. Mykje tå denne smalen kom bort, og folk hymta på han Gulleik.

Noko-lite framfor helleren var der ei gjøtta i berget, og i øvre enden på denne gjøtta var det ei hole. Det var vondt å finna denne hola, om ein ikkje nett visste om henne. Ho dulde seg. Opet var heller nøvt. Eg smatt inn i henne i ungdomen. Eg laut då setja føtene fyre. I denne hola gøymde han Gulleik kjøtet sitt.

Han godfar og han gamle Sjurd Håstabba sette seg fyre at dei ville sjå kva han Gulleik og ho Inga stelte med. Dei leita lenge før del fann fram. Det synte ingen stig dit, og urudt og stygt var der å fara. Han Gulleik stod og flo på ei gimber, og ho Inga stod framfor slaktebenken med eit trau. Det var ho som fekk auga på karane, og då var ho ikkje sein:

«Du Gullaik! Kjøte mao no vel væ etande, vait eg?»
«Etande? Ja — visst æ da etande», sa han Gulleik, og so vart han vis med karane, han òg. Dei sa at dei hadde funne gimri daud uppe i fjellet.

Ein haust eit par år etter hadde dei folk or bygdi att. Han Gulleik sat då og sveid på smalahovud.

«Detta æ merkje mitt», sa ein folkadøl og peika på ein frunt.

«Ka-a? Æ ikkje hove maota svéé?» Detmed snjaoa han tå båe øyro og rak i munnen. «Jau, no æ da maota», sa han.

Om vintrane laga han Gulleik ausor og fat og andre slike ting. Når våren kom, drog han ikring på gardane og bytte og selde. Han laut ha grjon til flatbrød og graut.

Det røynde nok hardt på kledi uppe i dei fæle utskjeklone.

«Eg arbaie meg ai brok tao kurvaskjinn, å eg arbaie meg ai brok tao veraskjinn — dai vare nett lika lengje. Brokjæ mi mao væ antan tao elgshu eldù tao ler», sa han.

Han Gulleik var ikkje heilt fri han fór med litevetta speling. Eg veit ikkje likare enn at han spela i eit par bryllaup inne i bygdi. Han spela so høgt. I eit bryllaup i Kyrkjebygdi kunne dei høyra honom like upp i Åsingagardane.

Då han Gulleik og ho Inga kom upp i åri, flytte dei attende til Voss.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *