Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Arne Digernes fortel om skikkjer

Arne Digernes frå Ørsta er ein kjend kjøkemeister, festleiar og songar på Sunnmøre. Når ungdomen samlast til møter eller stemner og tok nykveik til arbeidet, var innslaget av songen hans Arne noko ein gledde seg til, anten det no var gamal kjenslemjuk folkevise, ein Aasensong, eller det var lettfødt og leikande humor som lokka smilen fram.

Slik var det óg når eit spelstykke vart framsynt. Det var ingen av amatørane som betre og sannare kunde syne fram ein god sunnmørsbonde, enn han. — Gamle Olav i Ervingen t. d. var reint ei ynskjerolle for Arne; for der fekk han rom for det uvanleg gode songmælet sitt med ein dåm av varm heimekjensle.

Ingen kunde i brudlaup og gilde syngje til og frå bordet som han Arne, og legge glad, festdåm over samkoma. — Han førde gamal kjøkemeistertradisjon i tidhøveleg bunad inn i nye festformer. — — Eldre folk seier at Arne Digernes var likaste kjøkemeisteren i sju prestegjeld. Og det er kanskje ikkje so stor overdriving i dei orda.

*     *     *

Då Digernes og samlaren er gode vener frå ungdomen av, tok eg ifjor sumar (1938) ein tur til han og bad han fortelje ymist frå eldre og nyare tid. — Eg let han sjølv fortelje:

«Mannaætta er eit selskapsdyr. Nokon må støtt vere ilag. Sjå på borna! — Vi møtest gjerne dagleg til prat eller tidartrøyte ei stund. Ein og annan gong er det stormønstring, når grenda eller storfjølden av bygdefolket møtest til gilde med mat og drykk og hugnad for ung og gamal.»

Å lage til brudlaups

Hausten fyreåt såg ein seg ut eit bukryter som vart slakta og laga til spikekjøt. Tidleg på året laut ein ta til å tenkje på maltet. Det minste ein kunde halde brudlaup på, var tre tunner øl og ei tunne brennevin. Mange hadde mykje meir, øl i vissa. Og godt måtte ølet vere. Ikkje so sterkt nett. — «Å spike heilen» var brennevinet si sak. — Men friskt og godt i smaken, passe humla, og plent fritt for hardturka smak — det måtte ølet vere.

Var ein mann uheldig og laga spyøl, so var det ein æremink han drogst med til sin døyande dag, — og lange tider etter. — — Far min fortalde um eit brudlaup der folk vart so sjuke at «det gjekk um båe endar». Men det verste var at ein bygdediktar laga dette verset:

«Han Eilev på Garatun bryggjar godt øl,
det stende i bollen som blokkete føl.
Det ramlar i magen som fosselåt,
og dundrar i broka som byrseskot.»

Kvinnfolka hadde sitt å syte for, dei og. Det skulde bakast 2-3-400 lefser alt etter folkefjølden. — Fisken skulde bløytast og lutast. Det var ikkje småtteri kva eineoske som måtte kokast for å skaffe lut til all fisken.

So skulde husa vaskast, nei, fliast lyt ein vel kalle det. Ålment var det slik at stovehusa, vart gjort reine til kvar jul. Men det året det var brudlaup, då vart der «storvask» to gonger. — Vegger og tak vart farne over med ein hard sopelime bunden til ei stong. Då fekk kongevev og vevkjerringar og anna, avåt ein fæl skyss. — Ute på tunet var der óg stor umvølsle.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *