Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Arne Digernes fortel om skikkjer

Festar

Arne Digernes frå Ørsta er ein kjend kjøkemeister, festleiar og songar på Sunnmøre. Når ungdomen samlast til møter eller stemner og tok nykveik til arbeidet, var innslaget av songen hans Arne noko ein gledde seg til, anten det no var gamal kjenslemjuk folkevise, ein Aasensong, eller det var lettfødt og leikande humor som lokka smilen fram.

Slik var det óg når eit spelstykke vart framsynt. Det var ingen av amatørane som betre og sannare kunde syne fram ein god sunnmørsbonde, enn han. — Gamle Olav i Ervingen t. d. var reint ei ynskjerolle for Arne; for der fekk han rom for det uvanleg gode songmælet sitt med ein dåm av varm heimekjensle.

Ingen kunde i brudlaup og gilde syngje til og frå bordet som han Arne, og legge glad,
festdåm over samkoma. — Han førde gamal kjøkemeistertradisjon i tidhøveleg bunad inn i nye festformer. — — Eldre folk seier at Arne Digernes var likaste kjøkemeisteren i sju prestegjeld. Og det er kanskje ikkje so stor overdriving i dei orda.

*     *     *

Då Digernes og samlaren er gode vener frå ungdomen av, tok eg ifjor sumar (1938) ein tur til han og bad han fortelje ymist frå eldre og nyare tid. — Eg let han sjølv fortelje:

«Mannaætta er eit selskapsdyr. Nokon må støtt vere ilag. Sjå på borna! — Vi møtest gjerne dagleg til prat eller tidartrøyte ei stund. Ein og annan gong er det stormønstring, når grenda eller storfjølden av bygdefolket møtest til gilde med mat og drykk og hugnad for ung og gamal.»

Festar

Festar i den meining som no ligg i ordet var det ingen som kjende til i 70-80 åra. — Ei dansarstove kunde det slumpe til å vere ender og då for ungdomen. Og sundagskveldane sumarstida møættest grendeungdomen til leik og gaman.

Men so, når nokon gifte seg i grenda, då skal du ha takk! Då vart det storfest i bygda.    

«No skal han Jon og ho Åse kaste kvitlane ihop,» sa folk.

Eit skikkeleg brudlaup skulde alltid stå ved jonsokleitet. — Var det fyre jonsok, so kviskra kvinnfolka:

«Åja, dei måtte kaste kvitlane ihop. Stakkars henne!»

Fylgjen var at det kunde verte vigde 10 -12 par på ein sundag. Jonsokdag 1859 stod 12 brudepar for altaret i Voldakyrkja, fortalde mor. — Presten hadde 5 dalar paret, so han hadde for kjeftslitet den dagen. — Lang tid i fyrevegen tok dei til med å lage til brudlaups.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *