Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Arne Digernes fortel om skikkjer

Arne Digernes frå Ørsta er ein kjend kjøkemeister, festleiar og songar på Sunnmøre. Når ungdomen samlast til møter eller stemner og tok nykveik til arbeidet, var innslaget av songen hans Arne noko ein gledde seg til, anten det no var gamal kjenslemjuk folkevise, ein Aasensong, eller det var lettfødt og leikande humor som lokka smilen fram.

Slik var det óg når eit spelstykke vart framsynt. Det var ingen av amatørane som betre og sannare kunde syne fram ein god sunnmørsbonde, enn han. — Gamle Olav i Ervingen t. d. var reint ei ynskjerolle for Arne; for der fekk han rom for det uvanleg gode songmælet sitt med ein dåm av varm heimekjensle.

Ingen kunde i brudlaup og gilde syngje til og frå bordet som han Arne, og legge glad,
festdåm over samkoma. — Han førde gamal kjøkemeistertradisjon i tidhøveleg bunad inn i nye festformer. — — Eldre folk seier at Arne Digernes var likaste kjøkemeisteren i sju prestegjeld. Og det er kanskje ikkje so stor overdriving i dei orda.

*     *     *

Då Digernes og samlaren er gode vener frå ungdomen av, tok eg ifjor sumar (1938) ein tur til han og bad han fortelje ymist frå eldre og nyare tid. — Eg let han sjølv fortelje:

«Mannaætta er eit selskapsdyr. Nokon må støtt vere ilag. Sjå på borna! — Vi møtest gjerne dagleg til prat eller tidartrøyte ei stund. Ein og annan gong er det stormønstring, når grenda eller storfjølden av bygdefolket møtest til gilde med mat og drykk og hugnad for ung og gamal.»

Kjetlarmannen eller skjenkjemeisteren

Kjellarmannen eller skjenkjemeisteren var sparsam på drykken sundag morgon. Folk skulle vere fastande ved kyrkja. Men so tok dei sin mun igjen når dei kom til brudlaupsgarden att.

Det er rart å studere ungguten når han kjem i brudlaupsgarden. Der går han so, still og blyg, varsam i tale og åtferd, tungbeden til bords. Han går ikkje — han sig ikring — augo vil ikkje rett feste seg nokon stad, dei vik unda — Men sjå so ei stund etter dei er komne frå kyrkje. No har gutane fått fart på seg. Augo vik ikkje kven dei råkar um det so er sjølve presten. Dei tek del i samrøda, skøyar og vitsar. Full? — Langt ifrå. Ikkje «beruset» ein gong, men mot har dei fått.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *