Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Arne Digernes fortel om skikkjer

Arne Digernes frå Ørsta er ein kjend kjøkemeister, festleiar og songar på Sunnmøre. Når ungdomen samlast til møter eller stemner og tok nykveik til arbeidet, var innslaget av songen hans Arne noko ein gledde seg til, anten det no var gamal kjenslemjuk folkevise, ein Aasensong, eller det var lettfødt og leikande humor som lokka smilen fram.

Slik var det óg når eit spelstykke vart framsynt. Det var ingen av amatørane som betre og sannare kunde syne fram ein god sunnmørsbonde, enn han. — Gamle Olav i Ervingen t. d. var reint ei ynskjerolle for Arne; for der fekk han rom for det uvanleg gode songmælet sitt med ein dåm av varm heimekjensle.

Ingen kunde i brudlaup og gilde syngje til og frå bordet som han Arne, og legge glad,
festdåm over samkoma. — Han førde gamal kjøkemeistertradisjon i tidhøveleg bunad inn i nye festformer. — — Eldre folk seier at Arne Digernes var likaste kjøkemeisteren i sju prestegjeld. Og det er kanskje ikkje so stor overdriving i dei orda.

*     *     *

Då Digernes og samlaren er gode vener frå ungdomen av, tok eg ifjor sumar (1938) ein tur til han og bad han fortelje ymist frå eldre og nyare tid. — Eg let han sjølv fortelje:

«Mannaætta er eit selskapsdyr. Nokon må støtt vere ilag. Sjå på borna! — Vi møtest gjerne dagleg til prat eller tidartrøyte ei stund. Ein og annan gong er det stormønstring, når grenda eller storfjølden av bygdefolket møtest til gilde med mat og drykk og hugnad for ung og gamal.»

Måndag middag gjekk brudagrauten

Måndag middag gjekk brudagrauten, og det var høgdepunktet i festen. Spelemannen «spela inn grauten». — Han sjølv gjekk fyre med fela, og so brudegjentene og leiesveinane i prosesjon etter med kvar sitt fat med rjømegraut som flaut i sitt eige feitt.

Under måttidet kjem kjøkemeisteren inn med ei veldig tvore — oftast grisegraut-tvora utklint med graut og høyrusk, og syng:
«Og kokken forsikra
at grauten var rein
for hår og for strå
og for bos og for bein,
og alt som i mjølka
kan finnast.
Men Mokkje
ho vi’kje
forbanne seg på:
Då ho kom åt bekken
og skulde seg sjå,
so låg der ei purke
og rota.
Men so tok ho Mokkje
ei mil derifrå
so fritt de kan ete
og inkje lest sjå
um de skulde noke fornemme.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *