Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Arne Digernes fortel om skikkjer

Arne Digernes frå Ørsta er ein kjend kjøkemeister, festleiar og songar på Sunnmøre. Når ungdomen samlast til møter eller stemner og tok nykveik til arbeidet, var innslaget av songen hans Arne noko ein gledde seg til, anten det no var gamal kjenslemjuk folkevise, ein Aasensong, eller det var lettfødt og leikande humor som lokka smilen fram.

Slik var det óg når eit spelstykke vart framsynt. Det var ingen av amatørane som betre og sannare kunde syne fram ein god sunnmørsbonde, enn han. — Gamle Olav i Ervingen t. d. var reint ei ynskjerolle for Arne; for der fekk han rom for det uvanleg gode songmælet sitt med ein dåm av varm heimekjensle.

Ingen kunde i brudlaup og gilde syngje til og frå bordet som han Arne, og legge glad,
festdåm over samkoma. — Han førde gamal kjøkemeistertradisjon i tidhøveleg bunad inn i nye festformer. — — Eldre folk seier at Arne Digernes var likaste kjøkemeisteren i sju prestegjeld. Og det er kanskje ikkje so stor overdriving i dei orda.

*     *     *

Då Digernes og samlaren er gode vener frå ungdomen av, tok eg ifjor sumar (1938) ein tur til han og bad han fortelje ymist frå eldre og nyare tid. — Eg let han sjølv fortelje:

«Mannaætta er eit selskapsdyr. Nokon må støtt vere ilag. Sjå på borna! — Vi møtest gjerne dagleg til prat eller tidartrøyte ei stund. Ein og annan gong er det stormønstring, når grenda eller storfjølden av bygdefolket møtest til gilde med mat og drykk og hugnad for ung og gamal.»

Sodd

Til middags fær folket «sodd». Veldige fat med tunn kjøtsupe vert framborne. I supa flyt der små stykke utvatna kjøt, flesk, pylse og karva poteter. Flatbrødruver ligg millom fata so kvar kan ta til seg som han lystas. Ei stor ause høyrer til kvart fat, og so er det å gå laus på kokematen.

Kjøkemeisteren er alt so rusta i målet at han vinn berre lese for maten. — Sidan smakar karane, på ølet, kveiker, pipene eller tek seg ei skrå. Og praten går livleg.

Kjerringane held seg mykje saman på stabburet hjå «budakona», og dryftar sine spursmål som kan vere svært intime, men vert nemde med eit alvur og ei høgtid som fell inn i biletet.

Bordvers etter måltidet:

No de visstnok alle hev
gjort dokka behov på borda,
hugsa difor desse orda:
Tenk på han som maten gjev,
når me med hans gode gåve
hev oss metta her i kveld,
skal me ogso honom love,
han som gjev oss liv og held.

Ved bordet kunde det vere livleg nok. Det hende seg det kunde bli krangel millom gamle uvener, og einkor forsarva ungguten kunde kaste eit fiskebein i hovudet på medtevlaren i gjentevegen. Men då greip kjøkemeisteren inn. Han slo med klubba i «biten» og kravde togn for bordbøna, — då tagna totet og alle huvud bøygde seg i age for «ordet».

Maten var einfelt og lett å sette fram. Det var gjerne duk på bordet, men «dekkety» fanst ikkje av det vi no kallar slikt. Far fortalde at kniv og skei heldt folket seg sjølv. Alle karar hadde slirekniv, og skeia hadde dei med seg i trøyelomma. Kvinnene gøymde skeia nedi «stakkesmottene».

Til nons var det ikkje skikk å dekke bord. Då gjekk folk og maula spikekjøt og varme poteter. Det var kua frå hausten som no vart sett til livs. Og no var skjenkjarsveinen trottig med ølkjenga og bollen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *