Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Arne Digernes fortel om skikkjer

Arne Digernes frå Ørsta er ein kjend kjøkemeister, festleiar og songar på Sunnmøre. Når ungdomen samlast til møter eller stemner og tok nykveik til arbeidet, var innslaget av songen hans Arne noko ein gledde seg til, anten det no var gamal kjenslemjuk folkevise, ein Aasensong, eller det var lettfødt og leikande humor som lokka smilen fram.

Slik var det óg når eit spelstykke vart framsynt. Det var ingen av amatørane som betre og sannare kunde syne fram ein god sunnmørsbonde, enn han. — Gamle Olav i Ervingen t. d. var reint ei ynskjerolle for Arne; for der fekk han rom for det uvanleg gode songmælet sitt med ein dåm av varm heimekjensle.

Ingen kunde i brudlaup og gilde syngje til og frå bordet som han Arne, og legge glad,
festdåm over samkoma. — Han førde gamal kjøkemeistertradisjon i tidhøveleg bunad inn i nye festformer. — — Eldre folk seier at Arne Digernes var likaste kjøkemeisteren i sju prestegjeld. Og det er kanskje ikkje so stor overdriving i dei orda.

*     *     *

Då Digernes og samlaren er gode vener frå ungdomen av, tok eg ifjor sumar (1938) ein tur til han og bad han fortelje ymist frå eldre og nyare tid. — Eg let han sjølv fortelje:

«Mannaætta er eit selskapsdyr. Nokon må støtt vere ilag. Sjå på borna! — Vi møtest gjerne dagleg til prat eller tidartrøyte ei stund. Ein og annan gong er det stormønstring, når grenda eller storfjølden av bygdefolket møtest til gilde med mat og drykk og hugnad for ung og gamal.»

Ved brudlaupsbordet

Jau, no er det liv i brudlaupsgarden. Jamvel dei seigaste og trutnaste tøyer upp no. Kjøkemeisteren strevar so sveiten renn med å få folk till bords. Verste knekken er å få brudebordet «besatt». For her gjeld det at alle fær den plassen dei skal ha etter slekt og rang.

Det er sjau og soll i stova. Det hender kjøkemeisteren må bruke klubba for å få øyrelyd. Han slær i biten (bjelken) fleire gonger før folk roar seg. — Dersom kjøkemeisteren ikkje er skoren for tungebandet, og det er han jamnast ikkje, vender han nokre ord til dei nygifte og sluttar gjerne med at dei må halde seg til Vårherre og det som godt er. — So syng kjøkemeisteren gjerne dette verset:

Til lykke, kjære brudepar,
med pakten I nu sluttet har.
Og alle vi tilstede her,
og ennu fler gjerne ser
at nu I to
i fred og ro i eget bo
så glad og fro
vil følges tro
til siste stund
når døens blund
gjør miskund.»

Eit anna mykje nytta bordvers lyder so:

«Her me sitja no i flokk
kring um bordet kar og kvinne.
Sjå de dokke til rette finne
med skei og jonge
og det de treng.
Sia må’kje de forsake,
berre et med skreppa tæ,
ikkje berre slipre, smake,
— det er gode mat de fre.»

På loftet er der reidd upp flatsenger i lange rekker. Karane rengjer av seg trøye og vest, gjentene liv og overstakk, og i «loppekassene» berst det med heile butikken.

Neste morgon tidleg er det mat på senga, og kaffi so heit at han «skoldar vólende» (matrøyra hjå krøter), som ein gaptrast nemner det. Og ikkje so lenge etter er der dekt i storstova med duka bord og heimerettane flatbrød, smør, søst, fisk og mjølkesupe.

Kvar mann hev kniv og skei, noko meir handyvle tykkjest ingen ha trong um.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *