Kilde
ATTOM FJELLOM
AGDER I SEGN OG SOGE IX
Av Magnus Breilid
MANDAL 1973

ÅSDØLENE VILLE SJÅ KONGENS BREV

Bøndene på Agder var i farne tider full av mistru til futen og skrivaren. Eit godt døme på det har ein frå eit vårting for Åseral i 1685. Her møtte futen Hans Arentsen med lagrettemennene Gunnuf Aachnes, Torgie Liusland, Thore Egeli, Nils Omland, Eiel Egeraben og Torgie Lindjord. Rettsmøtet var på Hornnes, og i rettsboka står at

«den meenige tilstedeværende almue» blei kalla fram, og etter at pålegget frå amtmannen var lese opp om at ålmogen skulle «angifue deres gods og eiendom med tilliggende herligheder», svara dei alle at det ville dei ikkje «førend de saa Kongens egne ordre derfor». Då futen spurde om «de iche vilde achte eller efterlefue velbaarne hr. amtmands befahling» på vegne av kongen, svara dei ikkje «men samtlige vigede paa døren»,

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *