Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

ÅSLANDSMEDELEN

Det kom ridande ein mann til Vårdal i Grindheim
på ein sylvkvit hest og baud bort hesten og ridetyet dersom han måtte grava og ha det som låg i haugen attom husa. Vårdalsmannen slo til med ein gong, for så gild ein hest hadde det aldri vore på Vårdal. Mannen som åtte hesten var frå Åsland i Åseral.
Han grov i haugn om nettene og bar skatten over heiene. Og det seiest at så mykje gull og sølv hadde det aldri vore på Åsland.

Det følgde inga lukke med denne rikdomen. Mannen sende sønene sine på skule, men dei øydde berre pengane og las vitet ut av hovudet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *