Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Asmar og Sigrid

Asmar tente hos lensmannen paa Tynset, og so hadde han og lensmannsdottera, ho Sigrid, vorte glade i kvaraudre. Men gubben vilde ha likare mann enn tenestguten til Sigrid, og so feste han burt gjenta aat ein gardgut fraa Tyldalen. So ein julkveld kom denne tyldølen aat lensmannen og skulde avtala kva tid bryllaupet skulde staa. No skulde husens folk til kyrkja um juldagen, nær som lensmannen og Asmar. Tyldølen fylgde gjenta aat kyrkja, og lensmannen vart att heime aaleine med tenestguten. Daa tala han Asmar med lensmannen att, um det enno ikkje kunde gjerast um att, so han fekk a Sigrid. Men daa vart lensmannen sint, og sa at slike tankar fekk han slaa fraa seg no. Tyldølen skulde ha gjenta, og so var det ikkje meir aa tala paa det. Det eine ordet tok det andre, og so vart endskapen den, at guten reiv ei børse ned fraa veggen. Dagen fyrr hadde han vore paa høykøyring og havt med seg børsa, og sidan hadde han hengt henne burt att ladd. Anten han gløymde børsa var ladd eller ikkje skal vera osagt; men nok er det, han rette børsa mot lensmannen og skaut. Daa so folk kom att fraa kyrkja laag lensmannen daud paa golvet, og Asmar og hunden, som heitte Dreng, var burte. Han hadde teke paa seg skiene og sett uppefter Gammeldalen med hunden etter seg.

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

So drog han austover viddene til han kjende seg trygg, for det hadde kome ein snostorm og jamna ut skirenna hans. Endeleg kom han ned aat nokre store vatn, som laag i tjukke barskogen milla fjella, og der slog han seg til. For der var mykje baade fugl og dyr i skogen, so der leid han ikkje svolt. Attmed eine sjøen bygde han seg hus, og der budde han i unge aar. Vm vinteren «brukte han skogen», og um sumaren tok han fisk. Men likevel hadde han det ikkje godt, for dette drapet sat i han, og sist paa kunde han ikkje halda ut lenger, men drog attende aat Tynset og melde seg sjølv og bad um aa faa sin dom.

Staden der han hadde bygt vart sidan attfunnen taa andre, som sette seg ned der. Bygda vart kalla Hodalen, og dei to vatna vart uppkalla etter honom og hunden. Sume fortel og at han Asmar hadde med seg ein mann og, ein som heitte Stikjel, og at den tredje sjøen, Stikjelen har namn etter honom. Han skulde ha butt paa ein holme, Krestensholmen, i Stikjelen er det fortalt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.