Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Åt ein sølv tiøring

Da det leid så langt at ho Marit ikkje kunne få vera åleine lenger kom ho til aldersheimen på Røros.

Ein dag vart ho så sjuk at ho ikkje kunne koma seg opp av senga. Ei tenestjente var inne og vaska romet.

Som ho vaska som best fekk ho sjå at ho Marit tok fram pungen sin under puta. Ho granska innholdet nøye og tok ut ein sølv tiøring som ho anda på og strauk han lenge mellom fingrane. Så mumla ho noko over tiøringen og strauk han att lenge og vel. Etterpå putta ho han i munnen og svelgde han ned.

Jenta vart redd og gjekk til styrarinna.

–    ”Å han kjem fil att, sa ho, vi får passe på å sjå ette.”

Men dei såg aldri så mykje som snerten av tiøringen meir, men ho Marit vart frisk att ho og var oppe av senga før kvelden.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *