Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Åt han Fredrik Hansa

Eg vil ikkje sei kva velde det var med desse ronalappane. Dei kunde gang mot deg og ta tonna som verkte or munnen på deg, utan so du kjende det. Det var ein ratalapp som hadde sin gang i Ertenvåg; namnet hans har eg no gløymt. Han kom dit ein dag på vinteren, åt han Fredrik Hanso, og tigga etter mat. Kallen var på Lofoten; og kona visste kva ufisk dette var, so ho tordest ikkje visa han frå seg. Og han fekk bera derifrå med han vilde. Men kort tid etter var lappen baker. No var kjerringa i beit; for ho såg seg ikkje syn til å gje meir. Dei var sjølv eit stort folkehus. So sa ho som det var til. «E ha no inkj meir å let de få; so du lyt ver staut å inkj krev på ett meir.»

Men finnen var sjellaus nok til å slå seg vrang.

«Ha du lit, so kann bi minner på sommarn.» Med det strauk han. Og her gjekk ikkje feil. Det tok til med det ei ku fekk rått i spenane, og alt det dei møddest, so vilde det ikkje bli betre. Det sette seg svoll i, og heile gjura svall unda, det.

Ja, då det vart sumaren, og kyrne kom i fjellet, tok dei til å bli so trollåt å legg seg vekk; det kunde gang både to næter og meir so dei ikkje var nede. Og du veit kor dette gjekk; mjølka rann or dei, og sluttpå turkast dei reint av.

På dette viset hadde dei det fleire sumrar etter einannan der hos han Fredrik. Og alt med dei andre låg på sjøen og drog fisk, rende han rundt alle fjell og leita etter kyrne; det hadde han til arbeid. Det er motes so det fælar når ein dreg seg til minnes alt det galne dei utretta desse gannlappane (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *