Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Åtgjerd for vridning


Når nokon hadde vride handleden eller foten sin, skulde han leggje den skadde lemen på hoggestabben. So hogg ein øksi tre gonger i hoggestabben over den skadde lemen. For kvar gong ein hogg, sa ein:

Hogge vre
or le,
i ve!

Når dette var gjort, var ogso lemen god att.

Oske i sår. Skar ein seg, brukte dei gamle ofte å strå fin oske i såret. Då skulde blodet demme seg sjølv.

Makkekru(t) for barneorm. Mot barneorm brukte dei i gamle dagar makkekru(t). Dette var noko frø tå reinton, ei plante. Frøet skulde dei ta i sukker eller sirup, fordi denne makken er so ørk (kjær) etter alt som er søtt.

Te råd for kaunar laga dei gamle ei slag kake tå sirup og mjøl, som dei rørde ihop te ein fast deig. So la dei denne kaka på kaunen. Kaka skulde då draga or ureinskapen.

Støyping. Når dei gamle støypte, tok dei divelstrek og brennevin og blanda saman. Pepar og kamfer kunde dei og blande i brennevinet. Dette var som eit husmedisin for mangt vont i gamle dagar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *