Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

Åtgjerd…

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Den fyrste kjerringi hans far, ho Marte, var komen frå Vardal, og ho var svær te gjera åt. Var det ein som hadde skore seg, brent seg eller gjort seg noko anna, var det berre å sende bod etter henne Marte, so vart dei att.

Ho Jørend ved F. var ogso ei som kunde meir enn mata seg. Ho gjorde no meg god att ein gong. Eg fekk so vondt i foten ein kveld eg var burte. Det var som eg skulde ha fått ein kniv i låret. Dei laut køyre meg heim, og liggjande vart eg. So kom det ein mann frå Skrautvål heim te oss. Og han rådde meg te få tak i ho Jørend. Ho kom. Det var eit lite, fatigt, fillut kvinnfolk. Då ho fekk sjå meg, bad ho um ein peil brennevin. Og det fekk ho. So sette ho seg på sengeskori og sa:

«Dei seia at åtgjerskjerringadn skal sputte nei; men no ska du sjå at e gjere kji de.»

So stelte ho litt med flaska millom hendene sine, og so sa ho:

«De helve ska du drikke, o de hitt helve ska du smørja på!»

So tok ho tullane sine og gjekk burt i grannegarden. Før ho gjekk, sa ho te meg:

«De kjem te bli noko urole før de ei stund, ha e råkt de rette. O ha e kji råkt de rette, ska e koma att i mårgo!»
Då ho var fari, gjorde eg som ho hadde sagt føre, drakk ein halvpart tå brennevinet og smurde på foten hin. Men då vart eg so klen ein halv time, at det var reint fælt. Men då denne ridi var over, var ogso foten godatt. Jamen var han det!

Dei kunde nok noko! Skogin blir liggjande tagall ei lang stund. Han lever i gamletidi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *