Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Åtgjøring – Ho blei kvitt tannverken…

Bestemor til han som fortel dette hadde dreges med tannverk heile natta ein gong. Da ho så skulle gå til fjøset om mårån, spurde Johnson i Oppgarden Finnholt hossdan det var med a. Ho sa som sant var at det var kleint. Han bad a da komma innom når ho kom att frå fjøset.

Fysst les han noe over tanna. Sia kom han med tre saltkorn, som ho fekk legge innpå tanna eitt for eitt ettersom de brente. Da siste saltkornet var brent, sprakk tanna. Etterpå sa Johnson:

Nå skal ikke du få tannverk meir så lenge jeg lever.

Og det fekk ho ikke heller.

(O. A. Finnholt.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *