Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Attegangarar


Eg kjende godt ei gild gjente dei kalla Olea i Grytelien. Ho vart gift med han Halvor i Skøren og budde i Brustogun, som dei hadde kjøpt.

Med ho var ung gjente, fór ho ein haust utover te Haland og tok seg budeistell. Her var ho ute for noko stussleg.

På garden der ho tente, hadde det vorte ein lei knute på tråden med den tenestgjenta dei hadde havt året før. Um sumaren hadde ho vore budeie på stølen åt garden. Men ein dag kom ein bjørn te buskapen og slo ned ei ku. Kjerringi på garden, som truleg var eit havilt beist, vilde truge gjenta te leggje ut for kui. Ho vilde halde att tå løni åt gjenta, let ho. Gjenta vart harm, kann du vita, og vilde ikkje gå med på slikt. Då dei ikkje vart samde, strauk gjenta heim, ho. Trast etter døydde Halandskjerringi.

Ved dette leitet kom ho Olea dit. Ein kveld med ho hadde inn krøteri, fekk ho sjå det ho minst venta. Då ho kom inni fjøset og skulde mjølke krøteri, møtte ho eit kvinnfolk i fjøsdøri. Ho helsa på ho og spurde kva ho gjekk etter. Då synte det seg at kvinnfolket var gardskjerringi som nett var død. Ho sa te henne Olea:

– Vil du gå te manne mine o be 'n ta finaste svartkjolen o eit sylkjitørklæ so e i komodskuffun mine. Dette ska 'n gje gjentun som va hjå me. O so ska'n attpå gje henne løne ho skulde ha.

Dermed sa ho det, ho Olea:

– Mannen din kjem kji te tru på de e seie.
– Jau, han trur de nokk, ve de tefelle at du e fremand, so du inkji e kjend på dette her. Gjenta mi sa at ho kji vilde gje me te før uretten ho hadde le-e. O denne so får kji e fre i graven før ho får dette so e ha sagt.

Med so sagt vart kjerringi burte.

Ho Olea gjekk te mannen og tala um kva som hadde hendt seg. Og mannen trudde det ho sa og gav gjenta løni og det andre.

Då fekk Haland-kjerringi fred i gravi si. Dei såg ho ikkje meir. Før hadde fleire set ho, men ingen hadde tala ved ho før ho Olea gjorde det.

Dette er ei sann soge. Eg kjende ho Olea for ei truande og gild gjente.
Hadde nokon hengt seg eller gjort ende på seg på nokon annan måte, skulde dei ikkje gravleggjast før etter soli var gått ned. Dei hadde vore so uærlege at soli ikkje skulde skine på dei.

Ein skulle heller ikkje bu dei, men leggje dei i kista i fulle klæde. Liket deira skulde heller ikkje berast gjenom kyrkjegardsporten, men heisast over muren og førast bakum kyrkja, te den uærlege roi.

For ei tid sidan levde det i Vestringsgardo ein som heitte Smeaguten. Ein gong skulde han ride over Sagabakksyndet. Med det same hesten kasta seg på svamet, stupte guten framover. Han vart so hangande i beislet. Både han og hesten drukna.

So var det ei tid etter. Han morbror, Anders på Moe, sat og vikte over verfar sin, Per i Merkjie. Då det lei te klokka tre um natti, der kom denne Smeaguten inn te honom. Dermed sa han det, morbror min:

– E du her då?

Han Anders vart både undren og redd, for han hadde høyrt at han var død.

Smeaguten svara:

– Ja, e e de, sa han. Du får gjera vel vera me me te 'n Ingebjørg, du,» sa 'n. Det e noko e è nøsaka te o tala ve ho om, noko som e ska ha ressleitt.

Ingebjørg hadde vore kona hans.

Morbror svara:

– De karm kji e gjera: O gå no frå me i Guds namn!

Nei, han stod like godt!

Men so laut han beda han gå i eit anna namn då, men då kvarv han burt med ein gong.

Det stod på um det ikkje var enkort han hadde gjort, som han ikkje fekk fred for. –

Det er stygt å seia te nokon:

– E gje de alder te i ver'n!

Dei gamle sa det so, når dei som slikt er sagt te, døy, får dei ikkje fred i gravi si for dei er tegjevne.

Eg trur det, eg, at alle ei viss tid skal vandre i frå verdi, og ei viss tid skal dei koma te verdi. Dersom nokon tek livet sitt fere denne tidi, so sviv han i kring oss som ein ånd te tidi er komi då han skal vandre burt på rett måte. —

Han Bernt på Sletten, som var gift med syster mi, dreiv og fiska nede ved Ølmenningen, ein stor fiskehol nedi Begna. Best som han gjekk der, fekk han sjå ho Sissel på Sletten, ho som hadde drepe seg der. –

Dei gamle viste attegangarane burt i Guds namn når dei hadde vandra som Gud vilde, var ein god ånd. Men dei viste dei burt i den vonde sitt namn, når dei var ein vond ånd. Attegangarane har ikkje makt til å tala før dei bli tala te fyrst. Då fortel dei kva dei går etter.

I Aurdal budde i gamal tid ein som me kalla Pyntin. Ola var namnet hans. Han var ringjar og gravar ved Aurdal kyrkje.
No hadde dei den trui då han levde, at kunde ein sjuk få stroke seg med eit likbent, skulde han bli frisk att.

Ein dag tok Pyntin med seg eit leggbein tå kyrkjegarden og la på peisbrui heime hjå seg, på voni um nokon skulde få noko vondt. Men det skulde han nok ikkje gjort. Beinet vilde ikkje liggje på peisbrui. Alt i eitt datt det ned, mest som det var kasta. Te slutt laut Pyntin bera det dit han hadde teke det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *