Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Audun Nysætra vart ille ute ved Lier…

Han Audun tala um det han og eit par til, Torgar Sætre og Per Eltdalen, heldt paa og vart ille ute ved Lier. Dessa tri hadde faatt fri so lenge paa fyresumaren, og var heime. Men so midt i slaattonna kom det bod, dei skulde møta paa Kongsvinger att alle som hadde faatt heimlov, for no var svensken ventande. Men til Trysil gjekk det post berre kvar 14de dag, og dessa tri fekk daa ikkje bodet, fyrr dei alt skulde ha vore paa Vinger att. Dei drog aat presten og fekk vitnemaal dei ikkje hadde faatt meldinga fyrr, og so bar det i vegen att. Dei drog paa og gjekk dag og natt, og so var det ikkje so lenge fyrr dei melde seg paa festningen. Seint var det nok; men dei synte fram vitnemaalet fraa presten Bassøe, og so laut daa offiserane ta deim. Kompaniet deira hadde drege utover og skulde mota svensken lenger ute, ved Eidskogen ein sta’n; men trosset var att enno. So vart dessa tri tryslingane sett paa ei trossvogn dei skulde etter med. Naar dei kom aat Lier, skulde dei fyrst høyra efter korleis slaget gjekk. Drog slaget seg burtover, so svensken rømde, skulde dei setja etter; men fekk dei høyra slaget nærma seg, skulde del køyra vogna upp paa Lierskansen. So fekk dei med seg ein mann fraa festningen som kjendmann og kusk. Han var fraa ein gard sunnan med Lier, og hestane var hans.

No hadde desse tryslingane som sagt fare baade dag og natt, og mest ikkje sove sidan dei for heimanfraa. Og daa dei so kom i ro paa vogna, sovna dei alle tri. Men daa dei so vakna att, laut dei glaama. For der sat dei paa vogna midt i vegen nedanfor Lier, og kusken og baae hestane var burte. Han hadde rømt med deim. Og samstundes høyrde dei det nordmennene gjekk attende, for slaget nærma seg. Her sat dei med vogna, kunde ingen ting gjera, og snart kunde dei ha slaget her. Og dei som daa skulde ha køyrt vogna upp i skansen. Dette var gilde greier! Men hestar laut dei ha, kvar ein skulde ta deim i fraa. To mann fekk ut paa hesteleiting, og den tridje passa vogna. Dei to sette ein paa kvar lei. Lengst var tida for han som stod att. Men det var ikkje lenge fyrr han fekk sjaa ein mann kom sprengjande sunnanetter med baae hestane. Det var han som hadde sett sudover. Han hadde ikkje sprunge langt fyrr han fann guten med hestane. Han hadde vorte redd han skulde mista hestane sine han, daa han høyrde slaget nærma seg, og daa han saag karane sov, spende han likso godt fraa og skulde heim. Sette so sudetter vegen. Kom han berre heim, skulde han alltids finna eit gøymsle aat hestane so dei ikkje skulde bli tekne. Men slaget hadde alt kome nordover og naadd garden hans, so dit kunde han ikkje koma, og no stod han der raadlaus og visste ikkje kva han skulde. Daa kom tryslingen. Han gav seg so mykje tid han fekk gi guten ei teve so han trinsa. So greip han den eine hesten ved taumen, kasta seg upp paa den andre og sprengde nordetter aat vogna det beste han kunde. Daa var det ikkje lenge fyrr dei køyrde upp Lierbakkane, og ikkje fyrr var dei fram komne, fyrr nordmennene kom etter. Men der sette dei seg fast og brukte kanonane paa svensken. Tri gonger gjekk svensken paa; men alle tri gongene laut han attende. Til slutt drog han seg attende aat Matrandsmoen, og der slo han seg fast og heldt seg roleg eit par dagar. Daa var det Krebs som gjekk paa. Ein hop taa nordmennene sette ut til sides attum ein skogsaas og skulde stengja vegen for svensken um han sette til rømings, og so skulde storparten taa heren gaa paa med skansen i bakhand. Men heren gjekk paa for tidleg, so dei som skulde stengja vegen hadde att ei halv mil aa renna, daa det tok til aa smella fraa Matrand. So var det aa dra paa det fortaste dei vann, um dei skulde naa fram tids nok. Det bar over blautmyr og ulende; men dei sprang paa, so mange miste mykje av pakningen sin; ja sume like til skoen taa foten, utan dei gav seg tid til aa sanka det upp att. Sume naadde daa fram so betids dei fekk kasta seg i ei dubbel skytterline tvert over moen. Men mange kom for seint. Eit heilt kompani som hadde fare ein annan veg, kom fyrst etter striden var fraa seg gjord. Dei sa det var skulda aat kapteinen, for medan dei kvilte hadde han faatt harelos, og so laut han skyta haren fyrst, fyrr han drog lenger.

Trysilkarane var med dei fyrste som naadde fram, og dei var daa med og skaut ned trosset aat svensken. Men daa kom og sjølve svenskeheren, og det so kvast so desse som laag der kunde ikkje halda han. Han braut seg igjenom med bajonetten og drog. So snart norskeheren kom, og det var mest med det same, sette dei etter; men dei som hadde gjort umvegen og sidan teke mot svensken, vart blesne attende. For dei hadde no teke hardaste støyten. Millom dessa var tryslingane.

Han Audun Nysætra hadde vore millom dei fyrste som naadde fram, og han og ein til skaut dei to fyrste trosshestane. Straks dei hadde skote ned trosset, kom svenskane med kanonar. Han Audun stod daa for seg sjølv, paa austsida aat vegen. Der kom det tri svenskar mot honom. Han hadde skote tur børsa, og det hadde full dei og; men dei sette paa og vilde ta han. Det hadde han ingen hug paa, og sette aat og kutte over vegen, der kanonkulone sopte reint. Der heldt han seg vestan med vegen eit stykke, til han kom ut for ein hell brote med svenskar. Daa tok han palinga attende og kom burt aat’n Gjermund Bufloen.

Han Gjermund hadde teke post bak ei diger furu han, og hadde med seg ein fribataljonskar. Dei hadde ikkje børse mange taa dessa karane. Denna hadde eit tvieggja spjut med langt skaft.
Der stansa han Audun og, so han fekk la børsa si att. Med dei so stod der, kom det ei kanonkule og tok toppen taa furua so han rasa ned over deim.  Her kunde dei no ikkje gjera noko, og so rende dei derifraa over ein sheidbakke, der kulone kvein og knatt i treleggene kring dei. Ei kule tok lua taa karen hans Gjermund. Men lua si vilde han ha med, og vende um etter henne. No kom daa svenskane som eit uver og braut seg gjenom, og straks etter kom norskeheren og sette etter. Han Audun og dei andre slo seg med; men kompaniet vart so blese attende.

Daa dei so kom attende paa slagplassen, heldt dei alt paa og skulde skifta maten fraa svensketrosset, dei som var att. Men daa gjekk det stygt for seg eit bil, til ein offiser kom og tok vare paa alt saman. «Vi slo bøtn’ tur smørtunna, og rak hendene nedi og kaste i kalvsekken,» sa Nysætergubben daa han tala paa dette. Og det hende naar dei slo upp ei tunne, det kom so mange never ned i, so dei som fyrst fekk neven ned i, snautt fekk han upp att.

Ein mann rauk paa ei brennvinstunne og rende hol med bajonetten so brennvinet spruta tur holet. So la han seg ned og drakk, og daa dei andre fekk sjaa detta, vart det fleire som gjorde like eins. Men det vart det braatt slutt med. Ein offiser tak hand um brennvinet med ein gong, for utsvoltne og slitne som dei no var, kunde dei ha drukke i hel seg. Dei skulde faa ein dram til manas; men meir hadde dei ikkje godt av sa han. For no var dei so slitne dei kunde ikkje gaa to og to side um sides, utan dei slang inn paa kvarandre.

Han Torgar Sætre tykte ein dram vart lite han, og so gjekk han burt aat kapteinen, og spurde um han ikkje kunde faa ein dram til, for han gjorde so godt den han fekk, tykte han.

«Ja du skulde saa inderlig gjerne faa to ogsaa, min kjære Torgar, bare du taaler det. Du maa huske paa du taaler ikke meget nu!»

«Pøi da!» sa’n Torgar, «stor, sterk kar som je lyt full staa for et par drammer.» So fekk han to. Men kapteinen hadde rett. Han Torgar vart so yren han var ikkje god til aa gaa lenger. Det bar aat. Men roleg vilde han ikkje liggja, og so krok han i veg. Men daa laut dei andre læ, for han tykte han dreiv og kraup i ein stupbratt bakke, og so klora han seg fast paa eine sida so han ikkje skulde rulla utover, der han dreiv paa flate moen. Dei som hadde faatt berre ein dram, heldt seg no paa beina; men jamen var det mange taa dei og som stod og stydde treleggene likevel.

Skinn-Torgar vart utskriven etterpaa saman med han Busk-Torgar, dei var herre 18 aar baae. Han Skinn-Torgar var og med i Matrandslaget, og han tala um dei kutte og skulde over ein skigard. Denne var so høg dei dugde ikkje ta i stauren og kasta seg over, men laut kliva. Daa han heldi paa og skulde ta seg upp, kom det ei kule og tok aav stauren han heldt i, so han datt attende med stauren i neven.

Det var ordstø etter ‘n Skinn-Torgar: Dei spurde ‘n nokre ynglingar, om han visste taa han hadde skote i hel nokon i krigen. «Høh! skøt hel? Det var rett naa’aa aa spørje etter det ø!» sa han.

Per Eriksen (Høl-Per) var og med ved Matrand. Daa han var uti aara komen, hadde han tømmerkøyring for ein mann i Hernes, og so vart dei uvener um drifta. No meinte han det han hadde prøvt notro taa kvart hernesingen og, og so tok han i: « je har staatt i bus og brask je; men aa har du gjort?»

Je har vadd i blod til okla paa Matrandsmoen, je,» svara den andre.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *