Internt referansenummer:B-24.01.2014
Kilde: GLYTT FRA ULVIK – SKJEMT OG ALVOR
Forfatter: JØRGEN BERGO
Prenta i Voss Prenteverk AA, Voss
Voss 1982
Forleggjar: Hans Bergo
ISBN 82-90451-00-8
Klikk her for å lese ”Føreordet”
Klikk her for å lese en «mini-biografi» om Jørgen Bergo

Austmenn

 

I siste halvdel av 1800-talet var det livleg samkvem mellom dalbygdene i aust og fjordbygdene i vest. Folk frå dalbygdene vart av fjordbuene nemnt som «Austmenn» – kom austantil, – og kom det fjordbuer over til dalbygdene, vart dei kalla «nordmenn», kom nordantil, rekna dei med. (Nordmanna-slepet.)

Austmennene kom over fjellet frå Valdres, Telemark og frå Hallingdal.

Til Ulvik kom det flest frå Hallingdal. Det er heller ikkje lang vegen frå Ustedalen over Vidda til Sysendalen i Eidfjord, og utan høge fjellovergangar…

Ei kone på Hakestad som flytte frå Sysendalen til Ulvik kring 1880, har fortalt at hallingane kom over fjellet på skaresnøen om våren. Dei kom ofte i små flokkar, – dei var brune av sola, og friske og sterke såg dei ut.

Frå Eidfjord spreidde dei seg kring i bygdene Ulvik, Kvam, Norheimsund og Øystese.

Dei braut jord heile sommaren, og om hausten kom dei same vegen attende.

Når dei kom om våren var hallingane kledde i stutt-trøye med sølv-knappar i. Brøkene gjekk langt opp på bringa, om lag som ein overall, fortalde kona. Vest bruka dei ikkje.

Kleda var av uvanleg tjukt vadmål, og sokkane var og uvanleg tjukke. Om hausten når dei kom attende, var dei kledde som «nordmenn»…

Far var jamt redd for at dei skulle dra sjukdom med seg, fortalde kona. Ein gong førde dei kikjehosten med seg frå Kvam, og folk i Sysendalen heldt på å kikje seg forderva…

Austmennene var arbeidssame og dugande folk. Dei hadde godt lag med spaden, og var flinke til å brenne stein, – seinare brukte dei krut og dynamitt.

Mange var flinke til å mure, og var elles nevenyttige på mange vis, til trearbeid, smedarbeid og rosemåling.

Mange av austmennene som kom over Vidda slo seg til i fjordbygdene, sume som husmenn, sume som handverkarar, – kunsthandverkarar kunne ein kalle sume av dei.  

I Ulvik har omkring tretti austmenn slått seg ned sidan først på 1700-talet.

Dei aller fleste av dei har slege seg til i bygda i siste halvdel av 1800-talet. Det var harde tider i dalbygdene då. I fjordbygdene var det betre. Her nådde ein sjøen, og den rikdom den gav.

Ein høyrer og om austmenn som tok del i fisket. Den første austmannen ein kan finne som slo seg ned i Ulvik, var Knut Halvorsen.

 

Knut Halvorsen

Kvar han var frå, veit ein ikkje. Han vart gift med enkja Guro Sjursdotter Øydvin. Dei hadde to born.

 

Svein Olsen

Svein Olsen frå Hallingdal var gift med Barbrå Aslaksdotter Kvammen frå Eidfjord i 1818. Dei var busette i Kvammen i Ulvik, og dei hadde fire born. Ætta lever i bygda. «Jøren skreddaren», «Jøren i Kjøylæ», -Jørgen Hallinger var av den ætta.

Av dugande handverkarar som har slege seg ned i Ulvik, kan vi nemne.

 

Ola Larsson Sundre

Ola Larsson Sundre frå Al i Hallingdal, fødd 1821, d. 1900.

Han vart gift i 1858 med Sara Knutdotter Litlatun frå Eidfjord. Dei hadde fire born som alle drog til Amerika. Ætta har soleis gått ut i Ulvik. Men det er minne etter Olav Sundre likevel. Han laga fine, kunstferdige setlebøker og andre ting i skinn.

 

Ola Ivarson Indrestøl

Ola Ivarson Indrestøl frå Hol i Hallingdal kom som ung mann til Ulvik. Han var fødd i 1842 og døydde i 1915.

Han sette seg ned som smed på Brakanes. Han var gift to gonger, første gong med Lisa Elonora Brakanes og andre gong med Guro Ørjansdotter Torblå. Ætta lever enno i bygda … Ola Indrestøl var gravar og kyrkjetenar i bygda i lang tid. Han kunde kunsten med kyrkjeklokkene. Ingen har sidan fått klokkene til å låte soleis, er det sagt … – Ola Indrestøl var ein kjempekar…

 

Ola Olsen Lokrheim

Ola Lokrheim

Ola Olsen Lokrheim frå Vang i Valdres, f. 1825, d. 1911, vart gift med Anna Persdotter Øydvin. Dei budde på         Sævartveit, og har i dag ei talrik ætt både i Ulvik og austanfor fjella. Ola Lokrheim budde på sine gamle dagar hjå dotter deira, Sigrid Hakestad.

Lokrheimen var vidgjeten rosemålar og ein sprek hallingdansar. Kunstene sine som dansar fekk han høve til å syne alt første kvelden han var i Ulvik.

Det er fortalt at han kom til Ulvik frå Granvin — over Angerskleiv — i følgje med ein mann frå Vambheim. På Vambheim var det bryllaup den kvelden. De unge valdrisen vart med i bryllaupet, og han dansa halling så gjestene berre stod og bisna.

Han vart um tykt i bygda alt fyrste kvelden. Lokrheim en var uvanleg spræk. Det er fortalt at han gjekk frikar på Lærdalsmarknaden.

Det gjeng ei soge om då Lokrheimen og Tomar Lurås frå Telemark, skulde kappast i hallingdans. Det var i ei stove på Fryste. Olav Lokrheim var uheldig og sette foten i ein bolt i bjelken. Han vart halt etter det hallingkastet.

I dag stend det mange vene rosemåla kister og skåp og andre ting i Ulvik etter Ola Lokrheim.

Olav Lokrheim var og kjend som spelemann.

Merke og minne

Merke og minne etter austmennene er det mange av i Ulvik. På Sponheim er eit jordstykke dei kallar «Bedagssnytten», som austmennene braut opp.

Det var i den tid bededagen var om våren. Austmennene var komne ut av dagtalet, og braut opp ein god snytt i den lange, fine vårdagen…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.