Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Bådalen Hornmusikk, Bådalen

Bdalen_Hornmusikk-Bdalen
Første rekke fra venstre: Knut Vebenstad, Jakop Bjørshol, dirigenten SigmundBjørshol,Tore Gastad, Halstein Gustad.
Annen rekke fra venstre: Johannes Stølan, Ivar Hoel, John Vebenstad, Knut Kvernes, Erling Johansen, Løve Vebenstad, Peder Vebenstad.
Tredje rekke fra venstre: Jostein Dyrset, Ansgar Sørvik, Jon Bjørshol, Einar Gustad, Inge Pyrset, Alf Hogstad.

Kikar du inn i eit urverk vil du snart oppdage kor avhengig delene er av kvarandre. I Bådalen har det vore prata mykje om å skipa hornmusikk, men det har vanta ein del for å få det i gang. Det var Alf Hogstad som vart denne del, og som for alvor tok opp arbeidet i 1952. Folkje i bygda slutta opp om tiltaket på ein måte som ingen kunne drøymd om. Heradstyra var og velvilljuge. Slik kunne ein kjøpe besetning til 20 mann utan nemnande lån. Alf Hogstad vart første formann. Knut Kvernes, kasserar, Sigmund Bjørshol og Gunnar Bae, styremedlemer.

Det som kunne gjera eit slikt tiltak mogleg var nok foregangsmannen i song og musikk i bygda, Sigmund Bjørshol. Han er både dirigent og instruktør for laget. Med heile sin energi går han inn for oppgåva, og laget ser ljost på tida frametter.

I starten fekk ein god hjelp av musikkløytnant Alf Mostad. Av han fekk laget ein forsmak på kor rikt musikklivet kan verta, men også at det fylgjer systematisk arbeid med for å koma eit stykkje på veg.

Som ein forutsatte, ville den overveldande inte¬resse i starten minke. Mange trudde det var gjort i ein handvending å læra seg å spela, men så enkelt er det ikkje. Litt etter kvart er ein komne fram til eit fastare mannskap, men det vil endå taka si tid før ein er der ein gjerne ville. Alt 17. mai 1953 spela korpset på folkefest i Bådalen. Om ikkje musikken stod for all kritikk, var det likevel ein stor dag. Ein ny epoke i kultursoga åt bygda tok til.

Bådalen Hornmusikk er ein upolitisk samskipnad av musikkinteresserte i Bådalen, og har som formål å arbeide for at musikken får så brei plass som råd i bygda sitt kulturliv. Slik tek første paragraf i lova til, og den skal vera rettesnora framover. Laget har 20 medlemar. Styre er no: Alf Hogstad, formann, Knut Kvernes, Ivar Hoel og Erling Johansen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *