Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Balestrand Musikklag, Balestrand

Balestrand_Musikklag-Balestrand
Fotograf ukjent.
Fyrste rekkje frå venstre: Sverre Eithunggjerde, Atle Ytrefjord, Gunnstein Oppedal, Johan Bale, Olav L. Ese, Alf Lee.
Andre rekkje frå venstre: Per Kvikne, Kristen Skaasheim, Kåre Sjøthun, Bjarne Sjøthun, Olav H. Bale, Jens K. Ese, Alfred Bale, Trygve Sande.
Tredje rekkje frå venstre: Richard Knoff, Mons Oppedal, Sigurd Thue, Alf Teigen, Magnus Sande.

Balestrand Musikklag, Balestrand,  vart skipa 6. januar 1922 under namnet Balestrand Musikkforening. Sigurd Kvikne, Ingolf Kvikne, Hans A. Sjøthun, Sigv. Sjøthun, Erik Grøneng, Kristen A. Bale, Per L. Ese, Bjørn Sande, Arne Thue og Fredrik Lyngby sto føre skipinga av laget.

Instrumenta vart innkjøpt frå Tyskland, og kosta 500 000,— Mark, — i norske kroner omlag
1.000,-

Frå starten og fram til 1940 vart laget dreve med kortare og lengre avbrot. I 1942 vart arbeidet i laget teke opp att, med lærar Sigurd Oppedal som føregangsmann.

Dei første åri etter 1942 arbeidde laget svært godt, med lærar Oppedal som dirigent. Laget er han stor takk skuldig for det arbeidet han la ned, og for den uvanlege store interesse han synte.
I etterkrigsåri har ungdomen reist frå bygdi i stor mun, og musikklaget har kvart år misst fleire av sine aktive medlemar. Dei siste åri har laget arbeidt tyngre, men likevel halde fram utan avbrot fram til i dag.

Laget har teke del i høgtidinga av dei vanlege festdagane i året, og har elles i stor mun vorte nytta ved ymse samkomer og tilskipingar i bygdi. Laget har også skipa til konsertar både i heimbygdi og i grannebygdene, og samleis skipa til utferder.

Laget er medlem i Sogn Musikklag, og har vore med ved musikkstevna i Lærdal i 1945 og i Høyanger i 1948, og ved Landsstevna i Bergen same året.

Første formann i laget var Sigurd Kvikne. Seinare formenn har vore: Hans A. Sjøthun, Johan Ese, Eivind Sjøthun, Sig. Oppedal, Johan Bale, Bjarne Sjøthun og Olav H. Bale.

Dirigentar har vore: Johan Ese, Sig. Oppedal, Eivind Sjøthun, Gunnstein Oppedal og Alf Lee.

Noværanda styre i laget er: Olav H. Bale, formann, Sverre Eithunggjerde, Kr. Skaasheim og Kåre Sjøthun.

Nåværande dirigent er Alf Lee.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *