Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Balli og Trollet

På Dyrøy i Øksnes er eit dalføre, og i dette dalføret skulle der ein gong vore ein gard, der det budde ein rik handelsmann. Garden heitte Ballistad og handelsmannen heitte Balli.

Over garden var eit stor fjell, og i dette budde eit troll som var forelska i Balli si dotter. Ho var som jenter flest at ho ikkje ville ha han som var så hundgammal.

Trollet snakka så med Balli sjølv og minte han om ein gong utanfor Stadt då masta på Bergensjekta ville gå på sjøen for eine vantet gjekk av. Så var trollet med, og det støtte ryggen sin mot masta og heldt ho heile vegen.

Balli orsaka seg og sa at han ikkje kunne seie noko om dette med dottera. Då byde trollet han mange gåver, og han skulle få to geiter med gullbjøller på, ho Lia og ho Ljoma. Men handelsmannen ville ikkje tvinge dotter si. Då blei trollet sint og reiv så ned fjellet over garden og gravlagde alt levande. Då det høge fjellet fall, høyrdest det milevidt, og nokre fiskarar som låg ute på Gjeneggene kunne sjå røyk og eld, det høyrdest som toreskrall, og øyane skolv.

Då dei såg til var garden lagt under ei stor steinurd som blei kalla Balliurda. Øvst i ura står ei stor steinblokk som folket meinte vart av høgaste tinden på Ballifjellet, og dei kalla han «Kyrkja i Balliurd». Trollet flytte derifrå til ein annan stad og bygde seg eit stort slott der.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *