Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Bankkista i Hol

Hol formannskap har fått som gåve ei sver kiste hjå fabrikeigar Michelet, Kristiania. Kista har hittil vore pengekiste i Noregs Bank, og ho står no hjå ordføraren i Hol, Lars Hammersbøen. Denne kista skal ha stade seg for meistertjuven Ole Høiland. Låsen er ovanpå låket og godt gøymt med jernbeslag. På den vanlege plassen for lykjelholet er det eit blindlås, som Ole Høiland hadde smidd lykjel til, men han fekk sjølsagt ikkje kista upp for det. Kista er uvanleg vent og sterkt jernslegen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *