Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Bar ølskåla rangsøles rundt stova

Gjennom alle tider har det interessert ungdomen kven han eller ho skulle koma til å bli gift med. Kring julehøgtida var det mange teikn å få gjennom ymse seremoniar.

Ein gammal mann i Støren fortalde at oldefar hans kom med ei forteljing om dette ein julekveld. Dei var nett ferdige med julekveldsbordet. Linduken var bretta over det som var att på bordet og husfolket sat i skinet frå peiselden, spikhatten og tre talgljos.

Den gamle oldefaren sat og såg inn i eldane og hugsa attende.

– ”Det var my rart i gammaltin, e mennes enda ker han bessfar fortalt oss gutongøm. Han fortalt så my rart han bessfar. Både kara og kvinnfolk villa gjenn våttå kven døm skull bi gift med. Det var no kvinnfolka som va mest våttåsjuk. Her æ en tå di måtom døm kunn få våttå det på. Julkveldn når døm va fero med mata skull døm tå ei dyr full ølskål. Den der skåla skull døm bårrå tri gong rangsøles (mot solas gang – redaktørens anmerkning) rundt stuggu. Trei gongen villa døm da få sjå skjømten tå den døm skull bi gift med i det nye året.

Skvølpa døm over ølskåla, fekk døm itt sjå nå. Heller itt vess det itt vart nå brølløp fyst året.

Han bessfar prøva det sjøl han, fortalt n’. Og tru dokk itt det at n’ fek ksjå ho bessmor da? Han hadd alder sjett ho før for ho kom ifrå ei bygd langt ni dala. Døm va gift te jul året ette.

–    ”Det kan dokk vårrå gla for både dokk og e,” sa han bessfar.
–    ”Rølkall,” sa ho bessmor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *