Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Barkskipet

«Ein gong eg var ute og drog lina, kjende eg at det med eitt blei så tungt å drage. Eg gløtta over ripa, og då såg eg at eg hadde bore fast i eit stort barkskip som hadde sokke der for mange år sidan. Eg kunne tydeleg sjå merserærne. Då blei eg glad og brukte alle dei kreftene eg hadde for å få skipet opp. Men med eitt sletna juksa for meg, og skipet sokk som ein stein til botn igjen.

Året etter var eg ute på Gilbergsvika og kasta etter taregjedden, og der var det så grunt at eg tydeleg kunne sjå botnen. Til stor forundring for meg, såg eg no at det same skipet låg der, overgrodd av tare. Eg skjønte då at det truleg hadde reke dit med straumen då eg sleit det laust frå botnen året før.

Det blei no ein god taregjeddskolt der skipet låg, og eg har sjøl gitt han namn. Han heiter Gilbergskolten den dag i dag». fortalde han Einar.
(J. W. Johansen)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

vrak_under_vann.jpg
llustrasjon:
Pennetegning av Karl Erik Harr, hentet fra: "FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA II" av "Arthur Brox"

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *