Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Barn med ei underjordisk

Det gjekk det ordet um ein mann i Os (Saltdal) at han hadde barn med eit underjordskvinnfolk.

So var det ein gong i eit brudlaup; eg minnst no ikkje kvar dette var; men dei dreiv på og dansa. Og so kom det ein framand glunt ditett. Dei som var i stua, tok no til å skøa denne nykomaren, og smått gissa på kva manns son dette munde vera. Men glunten gav dei ikkje noko visst svar på det; han sa berre: «E veit av hånn far min ska ver her; å e e no hit-kommen før å sjå hånn.»

Men då glunten hadde sagt dette, vart dei vis at denne Os-mannen tok åt å bli høveleg rø’ i kjekan. Spleis fekk dei forstand på det laut vera huldreglunten han som hadde søkt dit.

Ein mann frå Tverå (Fauske) hadde òg barn med ei underjordisk. Barnet voks upp; men det kom ikkje til å bli noko tess. Det vart gangande å dra seg som eit anna pysselting all si tid.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *